33 lag i jubileumscup

I helga gjekk den tradisjonelle nyttårsturneringa til GranKam av stabelen. Årets turnering var den femtande […]

I helga gjekk den tradisjonelle nyttårsturneringa til GranKam av stabelen. Årets turnering var den femtande sidan oppstarten i romjula 1991. Med over 70 kampar på programmet var det duka for eit døger i fotballens namn.
Den offisielle opninga var det ordføraren i den nye kommunen, Arne Bergsvåg, som stod for. Han ønskte alle hjarteleg velkomne og drog fram kor viktig slike arrangement er for godt samhald i kommunen.
Tre lag har vore med under alle turneringane, og desse vart under opninga heidra. Dei tre laga var: Old Timers, Old Stars og Pukk FC, dei fekk alle utdelt nye drakter av Bergsvåg.
— Me har vore med så lenge og er så gamle at eg trudde tida var inne for å leggja opp, men me kan ikkje det no som me har fått ny drakter, seier Tor Helge Selvaag. Han spelar for Old Timers, eitt av laga som har vore med frå starten.
— Laget er sett saman av tidlegare Vindafjord-spelarar og me har spelt saman i 25-30 år. Me har aldri vunne turneringa, men no trur eg me blir med til dei ikkje vil ha oss her lenger, seier Selvaag.
Dei yngste på Ølens-laget Old Stars, føler dei meir eller mindre er oppvaksne i hallen. Dei trenar heile året med denne turneringa som mål og etter to andreplassar, vonar dei at det er deira tur til å vinna denne gongen. Endre Eide er ein av dei som har vore med på laget sidan starten, han måtte i år stå over på grunn av jobb, men kjem sterkt tilbake.

Fotball i eitt døger
Etter opninga, bles dommaren i fløyta og den fyrste kampen er i gang. Det er Vassnes Elektro som møter Arrow Angels. Dette er starten på eit hektisk fotballdøger med til saman 71 kampar fordelte på 33 lag. Dei er delte inn i ein klasse for damer, ein for oldboys/bedrift og ein aktiv klasse. Turneringa vart denne gongen flytta ei veke på grunn av arrangementet til kommunen førre helg, men det har ikkje gjort utslag på deltakinga. Det er fleire lag i klassen oldboys/bedrifts, elles er det om lag like mange lag som det plar vere.

Finalar
Seint laurdag ettermiddag er det tid for dei ulike finalane. Den siste av semifinalane blir ein thriller av ein kamp, der Werder Bremen til slutt tek sigeren, då står det berre ein utespelar att på kvart av laga og første scoring vinn.
I dameklassen er det eit topptrent Stavanger-lag, Havørn, som møter eit meir mosjonsprega lag, Skilpaddene. Havørn kontrollerer kampen og vinn fortent 5-1. Rett etter kampen er det premieutdeling og Stavanger-jentene får pokal og champagne med seg heim. Mens damene får sin heider, varmar dei to finalelaga i klassen oldboys/bedrift opp. Laga som skal møtast er Vann & Brød og Haakull & Bandits. Dette blir ein jamn kamp, men til slutt er det karane frå Haakull som dreg sigeren i land (1-2).
Så er det klart for eit heiltysk oppgjer i den siste finalen. Og at dette er den klassen aktiv, er lett å sjå. Spelarane gjev alt og går på for å dra sigeren i land. Støynivået i hallen går opp fleire hakk og ballen smell i veggen med heilt ny kraft, det blir med eitt farleg å stå på sidelinja. Det er Borrussia Dortmund som går av med sigeren 0-4 og får ta den gjævaste pokalen med seg heim til Skjold IL.

Litt lite publikum
— Det har vore ei fin turnering med svært lite skadar, seier Leif Kro, leiar i GrannKam.
— Det kan verke som om publikum har svikta oss litt i år, kanskje det har noko med flyttinga av turneringa å gjere, det er ikkje så godt å vite, men alt i alt er me godt nøgde meg jubileumsturneringa og alt har gått fint føre seg, legg Kro til.