475.000 kroner frå Lundenes-russen

Kvart år bruker russen på Lundeneset vidaregåande mykje tid og ressursar på misjonsprosjektet sitt. Dei […]

Kvart år bruker russen på Lundeneset vidaregåande mykje tid og ressursar på misjonsprosjektet sitt. Dei arrangerer fotball-turneringar, driv kafè på skulen, skipar til misjonsløp der dei som spring skaffar seg sponsorar, og så vidare. Dei seinare åra har det vore snakk om beløp på rundt 300.000 kroner – ikkje reint lite imponerande når det er snakk om ein 40-50 elevar.
I år har dei sprengt alle grenser, og samla inn mykje meir enn tidlegare år.
— Dette tykkjer me er verdt ei sak i så mange aviser og radiokanalar me veit om, seier russepresident Simon Madland.
Han fortel at russen hadde i utgangspunktet som mål å samla inn
300.000 kroner til Hiruzen ungdomssenter i Japan. Eit eventuelt overskot ville dei donera til skulen. Overskotet vart på heile 175.000 kroner.
— Av dei skal 50.000 kroner brukast til daglegstove for elevane, 100.000 kroner til nye møblar i matsalen og 25,000 kroner skal dekkja produksjonen av CD-en elevane nyleg gav ut, seier ein stolt russepresident.