4H klubbar har feira 50 år

I år har to av klubbane våre i Vindafjord, Falken 4H i Vikedal og Freidig […]

I år har to av klubbane våre i Vindafjord, Falken 4H i Vikedal og Freidig 4H i Vats, kunna feira 50 år og det står det verkeleg respekt av. Det er to spreke fullt oppegåande jubilantar me har feira i haust.
Alt slikt arbeid står og fell med friviljuge arbeidsinnsats av vaksne leiarar. Når ein ser på alle desse flotte utstillingane og det flotte arbeidet desse unge har lagt med gjennom eit år. Dei får med seg mykje lærdom som kan vera til god ballast og ha med seg vidare i livet.
Dette vart ikkje berre den faste haustfesten til 4H. Det var 50-års jubileum me skulle feira, og det skulle kunne vore vert eit referat i lokalavisa. Grannar hadde eit innlegg om 4H-jubilantane tidlegare i veka, men let vera å komme innom desse flotte festane dei to kveldane.
Eg berre undrast og vart svært skuffa då eg ikkje kunne lesa referat frå desse to jubilea i lokalavisa vår.

Margrete Leifsen