Etne kommunestyre vedtok i desember å heva husleigene i dei kommunale utleigebustadene til gjengs leige. For bebuarane ved Budstadskipinga inneber dette at dagens leige på 4.260 kroner i månaden stig til 5.200 kroner, ein auke på 940 kroner.
Bustadskipinga er dermed blant dei dyraste leilegheitene kommunen disponerer over. Både bebuarane sjølve og pårørande reagerer sterkt på auken som trer i kraft 1. juli i år.
Dei meiner saka må behandlast på nytt. Nå ynskjer dei å komma i dialog med politikarane og oppfordrar ein representant for kommunen til å treffa dei.
På landsbygda
— Det er skammeleg. Eg forstår ikkje kva politikarane tenker. Eg skulle ikkje sagt noko dersom dette var Aker Brygge, men det er snakk om 5.200 kroner i Etne. Dette er ingen storby, seier pårørande Liv Hjelmtveit Jensen.
— Eg har mange veninner som leiger leilegheit i Etne, men det er ingen som betaler like mykje som dette og dei har større leilegheit, seier pårørande Sigfrid Sørheim.
Leilegheitene i Bustadskipinga er om lag 55 kvadratmeter store, har eitt soverom, kjøkken og stove i eitt og bad. I husleiga inngår kommunale avgifter, og fram til nå har også kvitevarer vore inkluderte.
– Rekk ikkje til
Gunda Sørheim (88), Laura Tronstad (85), Bertha Åsbø (81) og Johanna Bakka (89) er alle minstepensjonistar og synest det er vanskeleg å få pengane til å strekka til. Dei mottar 8.890 kroner i månaden og får om lag 2.000 kroner i bustønad i månaden.
— I tillegg til husleiga går det pengar til straum, telefon, avis, lege, tannlege, lisens, medisinar, mat og klede. Og det er individuelt kven som får bustønad. Uansett må ein ta utgangspunkt i grunnprisen, seier Sigfrid Sørheim.
— Eg meiner kommunen spekulerer i bustønad, for den er det jo staten som betaler. Det er masse fordelar med å bu her. Mange kunne ikkje budd heime, men ein kan ikkje godta alt, seier Liv Hjelmtveit Jensen.
— Eg får aldri trygda til å rekka til. Ein gong har det skjedd, seier Bertha Åsbø om den økonomiske situasjonen etter at ho flytta til Bustadskipinga i oktober 2004.
— Dette er ein plass å ta vare på dei gamle. Det er ikkje ein plass kommunen skal tena seg rik på. Det er heilt vilt å legga på 1.000 kroner i månaden. Fordi om dei er gamle folk, følgjer dei med, seier Sigfrid Sørheim.
— Det er det dei trur me ikkje gjer. Dei trur dei kan gjera kva dei vil, seier Laura Tronstad.
Også frå 1999 til 2000 gjorde husleiga eit hopp, frå 1.800 til 3.800 kroner, etter at kommunen overtok den private stiftinga.