60 år etter fredsdagane

Samstundes gjekk tankane tilbake til dei kalde og mørke aprildagane fem år før. Unge menn […]

Samstundes gjekk tankane tilbake til dei kalde og mørke aprildagane fem år før. Unge menn som fekk mobiliseringsordre og måtte møta i krigen. Redsla og angsten for kva som ville skje med folk og land. Alt dette kjem for mange sterkt tilbake 60 år etter frigjeringa.

Seksti år er lang tid. Etter så mange år tynnest det i rekkjene mellom dei som kan fortelja frå krigen og fredsdagane. Derfor er det viktigare enn nokon gong at hendingane frå den tida ikkje blir gløymde. Det meste er rett nok nedskrive i historiebøker og annan litteratur. Ei endelaus rekkje av krigsfilmar har gått over kinolerreta verda over. Men både det me les og det me ser på film har lett for å bli litt fjernt frå verkelegheita. Me får lett eit distansert syn på det.

Alle som framleis har gjenlevande i slekta som hugsar frå krigstida, bør få dei til å fortelja om det dei hugsar. På den måten kan me få eit tettare forhold til det som skjedde i nærmiljøa våre. I blant oss er det framleis dei som har gitt sitt bidrag til freden, som me nå feirar. Det var ikkje berre dei store heltebragdene som er nedteikna i historeiebøkene, som var med og gav oss eit fritt land. Vanlege kvardagsmenneske var i aller høgste grad med og gav oss fridommen tilbake.

Søndag er det 25 år sidan Arquebus krigshistorisk museum i Tysvær blei opna. Jubileet blir markert for publikum utanfor museet i Førresfjorden på søndag. Samstundes med markeringa opnar museet ein ny stor internasjonal utstilling om den allierte sigeren i Europa, illustrert ved det tyske nederlaget i Berlin i 1945.
Arquebus var eit kjent namn her i distriktet med sin radiosendar på Eikås på Bjoa. Her er det sett opp ein minnestein som takk og heider til dei som hadde denne viktige kontakten mellom England og Noreg.
Sjølv om det er lenge sidan fredsdagane i 1945, har me ikkje lov til å ta lett på fridommen vår. Fred er det mest dyrebare me har. Ein måte å visa vår respekt på er å heisa det norske flagget 8. mai.