81 søkjer jobb i ny barnehage

Personalet i Ølen barnehage og Litlehagen barnehage har fått jobb i den nye private barnehagen […]

Personalet i Ølen barnehage og Litlehagen barnehage har fått jobb i den nye private barnehagen som skal erstatte dei to kommunale. Dei har dermed fylt opp 10 av 15 årsverk i Ølensjøen barnehage.
Til dei fem ledige jobbane har det meldt seg 20 førskulelærarar, og 61 som vil bli assistentar i den nye barnehagen i regi av Trygge Barnehagar AS. Totalt 20 personar skal arbeide i barnehagen på ein eller annan måte.
— Det har vore ei imponerande interesse for desse stillingane. Foreldra er garantert kompetent personale i den nye barnehagen. Vi er også godt nøgde med dei som kjem frå kommunen sine barnehagar, seier Arve Kambe, dagleg leiar i Trygge Barnehager AS.
I følgje Kambe har dei kommunalt tilsette fått minst like gode løns- og arbeidsvilkår som dei har før overgangen til privat barnehage.
Første for småbarn
Det er mindre enn ein månad til Ølensjøen barnehage opnar den 15. desember. Det er den første moderne barnehagen i Ølen sidan kommunen aldri har hatt småbarnsavdelingar for dei under tre år.
Ein månad før barnehagen opnar er 10 av 14 plassar fylte opp på denne småbarnsavdelinga. I tillegg har barnehagen tre avdelingar for barn over tre år med 60 plassar.
— Den nye barnehagen er blitt eit godt bidrag til full barnehagedekning i Ølen. Det viser seg også at nye tilbod rekrutterer fleire til barnehagane. Vi vil halde oss til den nye maksprisen med 2.750 kroner månaden for ein plass, seier Kambe.
Barnehagen er nærmaste nabo til Ølen vidaregåande skule, og arbeidet er i sluttfasen både innvendig og utvendig. Trygge Barnehager er totalentreprenør for nybygget som har ein prislapp på rundt 12 millionar kroner. Ei rekkje lokale bedrifter er engasjerte i dei mest sentrale faga i byggjearbeidet som har tatt seks månader.