84 utsiktstomter nær sentrum

Sist onsdag blei reguleringsplanen for Øvre Fitje i Etne lagt ut til høyring. Planen går […]

Sist onsdag blei reguleringsplanen for Øvre Fitje i Etne lagt ut til høyring. Planen går ut på å gjera det over 100 mål store landbruksområdet om til bustadfelt.
— Det er dette me har til byggeland i Etne sentrum så me satsar alt på dette, seier ordførar Amund Enge om reguleringsplanen.
Nå håper han alt går i boks og at kommunen ikkje møter motstand i fylket.
— Fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen har vore og sett på det, og syntest det såg ut til å vera eit bra område. Dette området blir ei forlenging av eit allereie eksisterande byggefelt. Det vil forundra meg mykje viss det blir problem og at me får motstand frå fylkesmannen si miljøvernavdeling, seier Enge om området som ligg like ved byggefeltet på Silde. Det øvste området blir i dag nytta til beite og leikeplass for ungar, medan det nedste er skog.
Utsiktstomter
Det har dei siste åra vore manko på tomter i Etne sentrum, men nå håper Enge at det blir ei løysing på dette. Ordføraren har stor tru på at plasseringa vil vera attraktiv blant folk som kan tenkja seg å slå seg ned i Etne.
— Det er ikkje mange som kan visa til ein slik utsikt. Viss folk er ute etter solrike, sentrumsnære utsiktstomter, er dette plassen, lokkar ordføraren.
— Kva betyr det for kommunen viss reguleringsplanen blir godkjend?
— Då har me forhåpentlegvis byggeland i den neste tiårsperioden. Det betyr at me kan ta imot nye tilflyttarar, noko me er heilt avhengige av å få, seier Enge.
I følgje reguleringsplanen blir innkjørsla til bustadfeltet på ein av grunneigarane, Helge V. Haaland, sin eigedom, men dette er førebels uklart. Mange detaljar står framleis att før alt er spikra.
Til sommaren
Det er så langt ikkje avklara korleis salet kjem til å gå føre seg.
— Det kan bli at familien Haaland står for salet sjølv, og at kommunen står som seljar her oppe. Det har me ein avtale med familien Solheim om. Elles kan det bli eit kommunalt byggefelt, men det er ikkje det som er intensjonane endå, seier Enge.
Reguleringsplanen ligg nå ute til høyring i seks veker og skal deretter behandlast politisk. Dersom det kjem motsegner og reguleringsplanen blir endra, må planen leggast ut igjen.
— Me kan klara å starta bygging til sommaren, men då må alt gå på skinner, seier Enge.
I dialog
Dei to grunneigarane, Alf Inge Solheim og Helge V. Haaland, er positive til byggeplanane. Haaland legg ikkje skjul på at familien tidlegare har hatt eit anna syn.
— I utgangspunktet var me nokså negative til det, fordi det tar mykje areal på garden vår. Det har utvikla seg slik at dette har framstått som det einaste alternativet til å skaffa tomter, og då synest me det er betre å spela på lag med kommunen og få det beste ut av det, seier Haaland, som synest han har ein god dialog med kommunen.