Det er andre gongen NMK Vikedal arrangerer Knattecrossens dag og deltakarane kom, i tillegg frå arrangørklubben NMK Vikedal, frå Sauda, Karmøy, Bømlo og Stord. Rundt 30 unge førarar hadde tatt turen til Vikedal denne gongen, noko leiaren i motocrossgruppa NMK Vikedal, Jan Hegerland, er nøgd med.
— Opplegget for dette arrangementet er at me inviterer naboklubbane til denne samlinga, og i år kom det om lag like mange som i fjor.
Motocross kan du starte med frå du er fem år, og dei aller minste har sin eigen knattecrossbane, medan dei som har litt meir erfaring får prøva seg på den store motocrossbanen.
— Den minste banen her i Vikedal er berre 150 meter, mens sjølve motocrossbanen er på 1200 meter og mykje meir krevjande, seier Hegerland.
Førarane var delte inn i tre klassar etter kubikk og alder, og alle fekk kjørt to omgangar, kvar på ti minutt. Jan Hegerland legg vekt på at i denne aldersgruppa er det inga premiering til dei beste.
— Nei, her er alle like, og etter at kjøringa er over får alle pokal som bevis på at dei har deltatt.
Løp i august
Arrangementet på søndag var også siste testen før motocrossgruppa i NMK Vikedal skal arrangere ein runde i Vestlandsmeisterskapet i august. Jan Hegerland føler at det meste er i ferd med å falle på plass til dette løpet.
— I dag var banen betre enn den har vore på lenge, ny startgrind er på plass, og elles er det ein del småjusteringar som må gjerast utover sommaren, seier han. Han kan også opplysa at i den første runden i Vestlandsmeisterskapet, som var køyrd på Sotra no i april, var det 110 deltakarar.
— På grunn av at løpet her i Vikedal kolliderer med eit Norgescup-løp, blir det kanskje ikkje like mange her. Løpet i august går over to dagar, og me køyrer dei minste klassane på laurdagen, medan kjøringa i dei største klassane blir avvikla på søndagen.