Overskrifta på andaktsordet me las i dag var «Ein er død for alle». Så tek eg med bibelverset «me veit at ein døydde for alle, difor har dei alle døydt» (2 Kor. 5,14.)
Vers 21 er slik: «Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han» Er det godt for meg og deg, skal me ta det til oss, leva på det, døy på det. Det er ein underleg Gud me har, som ordnar ei frelsa for oss nær 2000 år før me vart fødde.
Anna fekk ei skål til 70-årsdagen, med innskrifta: «Det er fullført». Eg fekk ein kross, ståande på eit lite berg med blomar ikring. Dette var gåva frå søndagsskulen til meg hausten 2006.
Når eg ligg i senga kan eg sjå berghaugen oppe i Kvio, Utigard. Når eg ser dette kjem eg i hug Golgata. Ja, store ting har Gud gjort. Heile menneskeslekta døydde Jesus for. Dette må me ikkje gløyma. Dette må me taka imot av heile vårt hjarta.
Erik J. Grønstad