Aksjon bustadbrann 2005

Felles for alle er at vi som eigarar eller brukarar av husværet må vera budd […]

Felles for alle er at vi som eigarar eller brukarar av husværet må vera budd på at det verste kan skje. Brann kan diverre ramme alle uavhengig av sosial status eller økonomisk plattform.
Vi må kvar for oss tenkje branntryggleik heime hjå oss. Kor mange av oss er det som ikkje har skifta batteri i røykvarslarane no til den 01. des. For din eigen tryggleik skuld – gløym det for all del ikkje. Kor mange er det som ikkje har sjekka slokkemidlane i huset? Fungerer dei som føresett? Har du ein ekstra hageslange som kan oppkoplast frostfritt i for eksempel vaskerommet, bør du gjere det. Vatn er, etter mi meining, betre å slokke med enn pulver på tradisjonelle brannar. Men hugs ikkje bruk vatn i brennande smult eller frityrolje.
Kor mange er det som har hatt evakueringsøving heime? Tenk dersom det startar ein brann som fyller opp trappa med røyk. Du ligg og søv oppe i 2. etg. og vert vekt av røykvarslaren. Erfaring viser at i slike høve er det få som greier å kome ned trappa og ut. Ein må ut gjennom vindauge og altandører. Då er det viktig at ein kjem seg derifrå og ned. Både dei som er spreke og dei som ikkje er så spreke. Kanskje du må ha brannstige for å klare det. Godt folk: Dette må prøvast på før det vert alvor.
Ved gjennomføring av Aksjon bustadbrann 2005, vil representantar frå Brannførebyggande avdeling i kommunen, frå Etne Elektrisitetslag og frå Skånevik Ølen Kraftlag vitje ein god del bustader Etne , Ølen og Vindafjord kommunar i fyrstninga av desember. Det kan og verte stands på ulike butikkar. Vi har korkje ressursar eller materiell nok til at ein kan vitje alle bustader i desse kommunane, så det vil bli tilfeldig utvalde område og grupper.
Vi vil dele ut nye batteri til varslarane. Vi deler og ut ein fin kalender der ein gjennom året vert påminte om eigenkontroll av varsle og slokkemiddel og øvings intervall m.m.
Ein vil sjølvsakt nytte høvet til å informere om førebygging av brann og sjekke varsling og slokkemidla samt rømingsvegar og elektriske forhold. Alt etter kva kompetanse ”informanten” har. Samstundes vil ein bruke eit enkelt anonymt spørreskjema for avkryssing som skal sendast til Direktoratet for statestikk.
Vi håpar at alle tek vel i mot oss, og hugs: Vi gjer vårt aller beste til ditt beste.
Ha ei god og branntrygg julehelg!

Brannførbyggande avd. Vindafjord, Ølen og Etne kommunar
Etne Elag og Skånevik Ølen kraftlag