Aksjonerte mot borerigg

Demonstrantane la seg i sjøen med to politibåtar, to båtar frå kystvakta og fleire pressebåtar […]

Demonstrantane la seg i sjøen med to politibåtar, to båtar frå kystvakta og fleire pressebåtar sirklande rundt seg. Då hadde kring 15 aksjonistar frå Bellona og Natur og Ungdom demonstrert frå sju gummibåtar i kring ein time etter at riggen byrja å gå frå Ølensvåg tidleg i går føremiddag. Aksjonistane forlèt båtane etter at politiet gav ordre nummer to om at båtane måtte fjerne seg minimum 500 meter frå den enorme boreriggen. Politiet truga med arrestasjon og bøter. I det demonstrantane byrja å hoppe i sjøen, kom ein ny båt med fem Greenpeace-demonstrantar inn fjorden. Dei prøvde å gå på plattforma, men blei hindra av politiet. Miljøaktivistane blokkerte riggen si framferd i kring ein og ein halv time.

Siste våpen
Demonstrasjonen gjekk roleg føre seg medan Natur og Ungdom og Bellona formidla sin motstand mot oljeboringa i Barentshavet. I følgje Bellona-leiar Frederic Hauge og leiar i Natur og Ungdom, Ane Hansdatter Kismul, pressa mangelen på demokratisk handlingsrom dei til å setje i verk sivil ulydnad. Dei fryktar klimatrusselen ved at det blir sett i gang oljeboring i Barentshavet.
— Opninga for oljeboring i Barentshavet er eit dramatisk steg i feil retning når me veit at Noreg må redusere utsleppa av klimagassar. Me må på eitt eller anna tidspunkt kutte på oljeaktiviteten, og det er eit paradoks at me no skal gå inn i eitt av dei rikaste og mest sårbare naturområda i verda. Når infrastrukturen først er bygt og arbeidet starta, er det fare for at det kjem til å halde på lenge, sa Kismul før aksjonen starta.
Miljøaktivistane er svært kritiske til at Hydro og Statoil vil setje i gang oljeboring utan å kjenne konsekvensane, og dei kritiserer at riggen byrja å gå før klagefristen er gått ut. Dei har send klage til Statens Forureiningstilsyn, som har gjeve Hydro løyve til å bore ein leitebrønn. Klagene skal vidaresendast Miljøverndepartementet, men det ligg an til at boringa er i gang innan dei rekk å bli handsama der. Plattforma «Eirik Raude» skal først til Trollfeltet for å prøve utstyr, før han går vidare nordover.
— Hydro søkjer for seint, og me får minimale klagefristar. Det verkar som regjeringa svekkjer alle dei demokratiske rettane me har fått før, kommenterer Kismul.

Nøgde demonstrantar
Dei fire vekene miljøaktivistane har halde til i Ølen har dei brukt på å jobbe for dei demokratiske rettane sine, og dei har også vore rundt på skular i distriktet og informert om arbeidet dei gjer.
Demonstrantane frå Natur og Ungdom og Bellona var nøgde med gjennomføringa av aksjonen sundag. Politiet hadde i går ettermiddag gjeve 11 demonstrantar ei bot på 5.000 kroner kvar for å ha hindra riggen ulovleg.
— Ingen av aksjonistane har vedkjend seg bøtene, og dei må møte til hovudforhandling i desember, opplyser Bjørn Alvseike, lensmann i Ølen.
Han rosar oppførselen til aksjonistane frå Natur og Ungdom og Bellona.
— Dei gjorde det dei hadde varsla på førehand, seier han.
Dei fem demonstrantane frå Greenpeace gjekk lengre, og prøvde å gå på riggen. Dei blei også arresterte, men politiet hadde ikkje gjort noka straffeutmåling mot dei då Grannar gjekk i trykken i går.
Ane Hansdatter Kismul var den første som blei plukka opp av politiet etter at aksjonistane hadde hoppa i sjøen. Fem politifolk måtte til for å få Frederic Hauge opp.
— Ein vellukka aksjon, kommenterte han etterpå.