— No er eg veldig nøgd. Når politikarane lytta til slutt, har vi igjen for strevet. Det er slik det skal vere at folk blir høyrde, sa Aase Handeland då kommunestyret hadde vedtatt å avvise det dei eldre kallar oppvarma mat, og oppretthalde kok og server som i dag.
Aase Handeland håpar vedtaket blir ståande i mange år.
Lang kamp
— Får i alle fall håpe forslag om omlegging ikkje kjem før dei som sit og styrer i dag er komne på gamleheim. Så kan dei ta kampen, seier Handeland.
Ho har ikkje firt ein tomme sidan ho starta kampen mot oppvarma middag i mars. Det har vore ein lang marsj for 84-åringen.
— Det blir i alle store telefonrekningar ut av det, smiler ho.
Henrik Urdal og Gjert Fjeldheim hadde også tatt turen til Bjordalstunet for å sjå kommunestyret i kvitauget. Dei er ganske samstemte om at kvaliteten på maten er verd å demonstrere for.
Unisont
Debatten i kommunestyret viste at politikarane ikkje syntest det var ei god sak lenger å innføre ein ny måte å lage middag på som møter unison motstand blant den eldre garde i kommunen.
Unntaket er Tverrpolitisk liste for Vats/Skjold med Øyvind Haraldseid i spissen. Han hevda at den negative omtalen kok/kjøl har fått er overdrive, og at Vindafjord ikkje har råd til å seie nei til å spare 450.000 kroner.
Men resten av politikarane stod i kø for å erklære at det er uaktuelt å innføre eit nytt kjøkkenregime som dei eldre er imot. For mange var det ein snuoperasjon. Unntaket er Tone Hatteland (H) som tok klart avstand frå det nye kjøkkenregimet frå starten av.
Snakk om respekt
— Vi har erfaring med å lage mat på Bjordalstunet og vi veit at nykokt mat blir annleis om ein fryser den ned før den blir servert. Men det handlar eigentleg ikkje om god eller dårleg mat, men om vi som politikarar skal vite best kva mat andre skal ete. Når det blir ovanfrå og ned, er det ikkje lett å få gehør, sa vararepresentanten Dominikus Bjordal (Sp).
Med 28 mot tre stemmer vedtok kommunestyret å oppretthalde dagens kok/server-middag, og at hovudproduksjonen skal vere på kjøkkenet i Ølen omsorgssenter, medan Vindafjordtunet skal ha mottakskjøkken.
Aksjonistar nådde fram
— No er eg veldig nøgd. Når politikarane lytta til slutt, har vi igjen for […]