Det er eigarane av Montér Etne og Møbelringen Etne som har skaffa seg ei attraktiv tomt kloss i E134 ved porten til Etne sentrum, med Rodin Kafé som nærmaste nabo. Der er dei i gang med å arbeide fram planar for eit nytt felles forretningsbygg.
Dei andre daglegvarebutikkane i Etne er alt i gang med å misunne Prix den strategiske plasseringa dei kan få i eit nytt bygg kloss i hovudfartsåra. Dei handlande sine mobile krav er så store i dag at sjølv trappa hos Rema 1000 blir vurdert som eit handelshinder.
Før sommaren
— Det er rett at vi ønskjer å vurdere om vi skal vere med i denne nyetableringa. Men det er ingenting konkret enno. Først skal det lagast teikningar. Deretter skal fakta og realitetar på bordet, med prosjektering og kostnadsoverslag. Så får vi sjå kva som skjer, seier Tore Klovning, direktør i Coop Haugaland BA.
Han reknar med at teikningane blir ferdige før sommaren.
Samvirkelaget i Etne eig butikkbygningen dei har i dag, og med eventuell flytting vil sal bli eitt av alternativa som blir vurderte.
— Det er i og for seg greie nok lokale vi har i dag. I daglegvarebransjen er det mange ting som speler inn og det er interessant å vurdere andre alternativ. Lett tilgang med god parkering er sentralt for oss. Sjølv om butikken vi har ligg midt i sentrum ved hovudvegen, er det litt vanskeleg å kome til butikken, seier Klovning.
Med i denne vurderinga er også at dei ønskjer seg fleire parkeringsplassar.
— Det er ikkje tvil om at vi ser potensial i gjennomgangstrafikken. I nye lokale ser vi for oss at handelen vil auke, seier Klovning.
Det er ikkje avgjort om flytting inneber eit anna konsept enn Prix. Men Klovning meiner dei har hatt suksess med omlegging til Prix i Etne og at det talar for å halde på denne varianten av Coop-butikkane.