Akutt behov for feriehus

— Bjoa Bygdeturistlag har til saman åtte hus og hytter til disposisjon, som me leiger […]

— Bjoa Bygdeturistlag har til saman åtte hus og hytter til disposisjon, som me leiger ut til tyske turistar. Bjoa og Vikebygd har stor potensiale for reiseliv og kunne vore vertsplass for ulike arrangement, kurs og kulturelle storhendingar. Men dette vert svært avgrensa av mangel på overnattingsstader og feriehus, seier Jenny Campbell i Bjoa Bygdeturistlag.
Ifølgje ho er det generelt vanskeleg å finna ein ledig bustad i området mellom Vikebygd og Ølen.
— Folk som jobbar i Ølen leiger til dømes hus i Vikebygd og omvendt, nettopp på grunn av den strame bustadmarknaden, seier Campbell.
— I tillegg kjem då turismen og andre tilstrøymingar av folk til området. Til dømes slit Ålreit Ålfjordsenteret i Vikebygd med å husa dei som deltek på kursa ved senteret. Det er like håplaust å finna overnatting til gjester, dersom ein vil ha eit større selskap, seier Jenny Campbell.

Enkel standard
Jenny Campbell trur derimot at folk har fleire hus, hytter eller leilegheiter enn det ser ut som. Men grunnen til den strame bustadsituasjonen i området, kan vera det at eigarane sjølve stiller altfor høge krav til standard på feriehus eller overnattingsplassar.
— Eg er overtydd over at mange har eit ledig rom eller ei kjellarleilegheit til å leige ut, men som trur at det dei har ikkje er fint nok. Folk trur at turistane er ute etter tipp topp innreiing og liknande. Men det einaste kravet som turistlag stiller, er ryddige og reine husvære med enkle fasilitetar, seier Campbell.
No håpar ho å få tips og tilbod om alle moglege husvære. Det er utruleg mykje ein kan gjera for bygdeutvikling via reiseliv og annan promotering, meiner Jenny Campbell.

Australia-reiser
Jenny Campbell er opphaveleg frå Queensland i Australia. Frå heimlandet har ho ni års røynsle som næringsutviklar, og jobba med promoteringa av ulike storhendingar i lokalmiljøet.
— Eg har jobba både i storbyen og på landet, og har sjølv eigd ein gard. Erfaringa eg har samla oppigjennom livet, vil eg ta med meg i utviklinga av bygdeliv også her i Noreg, fortel ho.
Først vil ho satsa på utviding av bygdeturisme i Bjoa og Vikebygd, som kan verta eit spanande reisemål for turistar frå hennar heimland, Australia.
— Australiarane er kjende for å vera veldig sosiale og opne av seg, og eg veit at dei kjem til å trivast svert godt i det lokale miljøet. Dessutan er ikkje australiarane redde å køyra mellom attraksjonane som ligg eit godt stykke frå kvarandre eller frå plassen dei bur. Me er vane til store avstandar mellom dei ulike stadane, og fleire timars køyreavstand betyr ingenting for ein australiar, seier Campbell.
Til gjengjeld planlegg ho 16-dagars tur til Australia for nordmenn. Allereie til neste år kan dei norske turistane oppleva Queensland, New South Wales og Victorian Tasmania i regi av Jenny Campbell.

Vil styrkja ærekjensle
No bur Jenny Campbell i Vikebygd, men på sikt skal ho flytta til Utbjoa der ho og mannen kjøpte seg eit småbruk på Smedsvik.
— Eigedommen på Smedsvik har me tenkt å bruka til turisme og som lokalscene for små konsertar og diverse arrangement. Eg drøymar om å gjera noko meir med den lokale maten. Her fins det flotte råvarer, men den norske maten er veldig tradisjonell. Eg kunne tenkt meg å invitera kokkar som kunne sprita han opp med inspirasjonar frå Asia og Marokko, fortel Jenny Campbell om sine visjonar.
— Bruken og utviklinga av dei lokale ressursane styrkjer ærekjensla i bygdene, meiner Campbell.