Akutt og vedvarande katastrofe

Når TV-kamera er slått av, må ikkje engasjementet vårt forsvinna, korkje for dette eller andre […]

Når TV-kamera er slått av, må ikkje engasjementet vårt forsvinna, korkje for dette eller andre område – for ikkje alle kriser får like stor merksemd.   
Naturkatastrofen i Asia var ein av dei største i historia, målt i tap av menneskeliv og materielle øydeleggingar. Igjen var det dei mest sårbare som vart råka hardast: Dei fattige, kvinnene og borna. Eg er difor glad for at mange vil vere med på å hjelpa. Innsamlingsaksjonen har vist eit engasjement utan sidestykke. Det syner sterk solidaritet med dei som har vorte råka.
Denne veka behandlar Stortinget både utviklingsmeldinga og forslaget om å løyve ein milliard kroner til flomofra i Asia. Engasjementet hjå folk for flomofra i Asia syner vilje til å hjelpe andre menneske. Det er difor naturleg at Stortinget følgjer opp dette med ei ekstra løyving på ein milliard til ofra. Menneska i katastrofeområda vil trenga hjelp i lang tid. Difor må hjelpeinnsatsen vera langsiktig og syta for god utvikling i området.
I utviklingsmeldinga har regjeringa lagt strategiar for innsatsen frå Noreg i kampen mot fattigdom i åra som kjem. Noreg må framleis take eit ansvar for å skapa ei meir rettferdig verd. Kvardagen for meir enn 1.2 milliardar menneske er ekstrem fattigdom. Kvart år døyr seks millionar born av svolt. Halvparten av befolkninga er fattige. 123 millionar born er utan skulegang. 250 millionar born mellom fem og 14 år må arbeida. Brot på menneskerettane skjer kvar dag – når menneske svelt, vert utsett for miljøforureining, ikkje får utdanning, manglar helsetilbod og fridom, for å nemna noko.
Å kjempa mot fattigdom handlar likevel om meir enn bistandskroner. Det er naudsynt å ha ein heilskapeleg politikk som satsar både på økonomisk bistand, handel, investeringar og gjeldsslette. Ei styrking av menneskerettane er òg ein føresetnad for ei positiv utvikling i dei fattige landa. 
Kampen mot fattigdom er den største utfordringa i vår tid. Den kampen må me ikkje gjeva opp.
 

 Ingebrigt S. Sørfonn,
stortingsrepresentant KrF