Orda er djupe og innhaldsrike, kp. 1, vers 3 «Lova vere Gud, vår Herre Jesu Krist. Far. Han som har velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus».
Paulus gjev eit sterkt åndeleg innsyn i kva rikdom eit menneske får del i når det tek imot Kristus Jesus. Han held fram: «For i han har han valt oss ut før grunnvollen til verda vart lagd, så vi skulle heilage og ulastande for hans åsyn». Gud har valt kvart menneske ut i Kristus Jesus, på grunn av det som Jesus gjorde for oss alle. Det er ingen tvil, det er for Jesu skuld me får koma til himmelen, så talar Paulus om barnekåret: «I kjærleik har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus, etter si rådgjerd av eigen fri vilje». Så seier Paulus: «I han har me utløysinga ved hans blod, forlating for syndene etter rikdomen av hans nåde». Dette seier litt om den store rikdom Gud gav menneskeslekta i Jesus. Så seier Johs. 1,12: «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til og verta Guds born, dei som trur på namnet hans».
Erik J. Grønstad
All åndeleg velsigning i himmelen i Kristus
Orda er djupe og innhaldsrike, kp. 1, vers 3 «Lova vere Gud, vår Herre Jesu […]