Det er ein stolt gjeng som møter oss i symjebassenget i Ølen. 19 tredjeklassingar kan symje, og ikkje berre det, dei sym som fisken i vatnet.
Kontaktlærarane Gunn Rakel Tjelle Jarmer og Idar Frøyland, som vi møter på bassengkanten, fortel at elevane har hatt symjeundervisning frå første klasse, og at dei etter kvart er blitt veldig flinke.
— Det er ikkje alle elevar i ungdomsskulen som er like flinke som desse, fortel dei stolte lærarane.
Ja, så flinke er desse tredjeklassingane blitt at dei fleste i klassen har tatt ein symjeknapp. Både når det gjeld 25 meter, 200 meter og 500 meter er det delt ut symjeknappar. Men elevane er ikkje berre raske og flinke til å symje lengde, dei kan også symje på ryggen og dei kan flyte.
Selungen er ei anna påskjøning. Denne får elevane for blant anna å dykke og hente opp ting frå botnen av bassenget.
Men flinke elevar i basseng, er ingen sjølvsagt ting i desse tider då symjeundervisninga går ned i takt med ferdigheitene mange stader i landet. Diverre står mange basseng tomme for vatn, og elevane får ikkje høve til å lære å symje.
Men i bassenget i Ølen blir det ikkje berre høve til å lære å symje, det blir også tid til leik.
Godt basseng
— Vasspolo er veldig kjekt og populært, fortel Gunn Rakel Tjelle Jarmer.
Ho legg også til at bassenget ved Ølen skule er eit kjekt opplæringsbasseng, då det ikkje er så djupt, og at det difor er oversiktleg.
Dei to symjelærarane er glade for å få lære bort symjeferdigheiter til entusiastiske elevar i ei tid då meir fysisk aktivitet stadig blir etterlyst.
— Og det vil bli lagt endå meir vekt på fysisk aktivitet i den nye læreplanen, fortel dei.
Også rektor Tor Kalleklev ved Ølen skule er glad for den store interessa det er for bruken av det offentlege badet.
— Det er veldig god oppslutning. Dei kveldane bassenget er ope, har det vore opp til 50 – 60 barn her. Det er grunn til å glede seg over den sunne aktiviteten dette er blitt for så mange, seier han.