Alt i boks for bluesen

Det største namnet på festivalen er det tyske rockebandet Scorpions. Ingen ville finna på å […]

Det største namnet på festivalen er det tyske rockebandet Scorpions. Ingen ville finna på å karakterisera musikken deira som blues, men det er ikkje målsettinga å ha nokon smal musikkfestival.
— Rock, soul og blues er den genren me jobbar innanfor, forklarer Christophersen. Opplegget går ut på å ha balladar og rolegare musikk på dagtid, og så full trøkk i bluesteltet om kvelden.
House of Blues
Nytt av året er at det blir børsta støv av eit 150 år gamalt sjøhus midt i sentrum av Skånevik. Det har vore brukt som lager dei siste åra, men blir nå pussa opp om omdøypt til House of Blues. Blueslunsjen laurdag går føre seg her, og då er det mellom anna Reidar Larsen som står for taffelmusikken. Like etterpå blir det Blues Cruise på Skåneviksfjorden, akkompagnert av Hard Luck Blues band.
Med på Luringturen
Odd Nordstoga har lagt inn Skånevik som ein av haldeplassane på Luringturen, der han spelar musikk frå den nyaste plata si. Dette blir ein litt annan type musikk enn Nivelkinn, som Nordstoga framførte mellom anna i Etne i haust.
— Musikk dreier seg mange ting. Opplevingar og kjensler. Difor tek med inn Odd Nordstoga, seier Christophersen, som også har fleire andre store namn å by på. Bobby Rush er ein av dei. Bjørn Berge, som har etablert seg som ein av landets beste bluesgitaristar, er ein annan.
Større telt
Bluesteltet blir 400 kvadratmeter større enn i fjor. Heile 2,2 mål dekkjer teltet, som ruvar høgt over sunnhordlandsbygda. I tråd med den utvida EØS-avtalen hadde dugnadsgjengen hyrt inn ei gruppe polakkar til å setja opp det enorme teltet. Språkvanskane var tydelege, men humøret var på topp i midtsommarsola.
—Me er knallførebudde til ein fest som skal dura i skylaget over Sunnhordland, slår Christophersen fast, medan han prøver å bli samde med den polske arbeidsgjengen om kvar teltdøra skal stå.