Alt kan rase ut i Vikedalselva

Etter mykje regn og flaum har rasfaren ved to bakkar vorte eit faktum. Eit par […]

Etter mykje regn og flaum har rasfaren ved to bakkar vorte eit faktum. Eit par hundre meter frå campingplassen til Bjørn Grimås i Vikedal ligg dei to bakkane på eigedomen til Billy Grimås med store sprekkar i jorda. Det byrja i november med eit mindre hol som raste saman. Etter dette og mykje regn har det sprokke opp langs heile den eine sida av bakken. Dei siste dagane har også den andre bakken fått større sprekkar.
— Det er farleg det som kan skje. Plutseleg kan dette ende på elva i eit jafs, seier Bjørn Grimås.
Han har kontakta politi og kommune for å forsikra dei om faren for at jorda kan rase på elva. Fredag var Arne Risøy, landbrukssjef I Vindafjord, og Tor Gunnar Skår, teknisk sjef, på plass for å sjå på skadene i jorda.
— Me har liten kompetanse på dette og har derfor sendt saka vidare til Noregs Vassdrags- og Energidirektorat som kjem med spesialkompetanse for å sjå på det. Men det er tydeleg at det er ting på gang der, seier Skår, og legg til at kommunen skal følgje dette opp så godt som mogleg.

Følgjer utviklinga
Det var Torleif Grimås, bror til Bjørn Grimås, som oppdaga korleis jorda hadde sprokke. Han følgjer med på utviklinga dag for dag.
— Det har aldri vore noko liknande her før. Einaste gongen eg har høyrt om noko slikt i Vikedal var for lenge sidan, eit stykke lenger oppe, seier Bjørn Grimås, som utan tvil ser alvoret i dette.
— Viss me skal ordne opp i dette nå, kan ikkje ein enkeltperson finansiere det, for det er nok mykje arbeid og pengar som skal til. Då kan det vere betre å la det gå, med tanke på alt det kan koste. Men om dei set i gang arbeid nå, kan dei stoppe det, seier han.
Kommunen har vore i kontakt med NVE, som kjem til å vurdere om dei skal kome for å sjå på rasfaren i nærmaste framtid.