Alt skal segla sin eigen sjø

Når ein ser sammanhengar, mellom det som burde vert gjordt, og det som ikkje blir […]

Når ein ser sammanhengar, mellom det som burde vert gjordt, og det som ikkje blir gjordt, vil eg seia det er skremmande .
For ein del år sidan blei Katinkahuset flytta frå oppsida avfylkesvegen til nedsia av vegen. Dette blei gjordt for å betre trafikkmessige forhold, og for gang og sykkelveg mellom Skånevik sentrum og til barnehagen.
Etter at huset blei flytta står alt som før. I krateret der huset stod, blir det nå brukt til parkeringsplass.
Kva kommune og samfunn lever me i?
Er det verkeleg slik at det blir gjordt noko små ting for at me skal halda kjeft, og så bruka penger ein anna stad? Eller er enkelte redde for og ta fatt i saker, der ein vil møta motstand med utvidelse av vegen?
Eg vil spørja kva venter kommunen på?
Det føreligger ein reguleringsplan over området Skålnes, der dette er regulert inn, etter som eg forstår. På Skålnes har det vert stor byggevirksomhet i den seinere tid. Me har fått Fjord Residensen, og meir kjem til. Trafikken aukar, både den motoriserte og den mjuke, og dei små som skal til og frå barnehagen. Er det verkeleg ikkje nokon som ser problemet? Eg forventar ikkje at Etne kommune tar fatt i dette, som har vore debattert før, for dei glimtar med sitt fråvær.
Eg trur heller ikkje politikarne frå Skånevik har sett problemet?
Ellers må samtlige vera svaksynte? Skånevik Vekst og Skånevik Næringsutvikling har gått inn saman med Torne rose, i sin dype søvn. Tilbake står «Katinkahuset» nær sjøen. Krateret er gjort til parkeringsplass, og me går og kjører på det samme møkkastien me alltid har gjordt. Det er trist, svært trist, det ikkje skal vera nokon form for infrastruktur, ei heller nokon som bryr seg, og for nokon gjordt. Me er i ferd med og gå inn i noko eg ikkje har så løst og nemna, men Bamse Brakar gjør det samma. Eg vil påstå det er ei bevisst handling.
Ja, ja. Dette var nokon tankar og meiningar.

Ove Wiland
Skånevik