Alvorleg arbeidsulykke ved Sandfrakt

— Mannen datt 6,2 meter ned i lasterommet på båten M/S «Faktor», og landa på […]

— Mannen datt 6,2 meter ned i lasterommet på båten M/S «Faktor», og landa på noko jern. Ambulanse vart tilkalla, men ambulansepersonellet tilkalla vidare luftambulanse som kunne frakta mannen til Stavanger. Mannen har heile tida vore medviten, og det er snakk om brotskadar, seier Harald Myklebust ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Arbeidstilsynet er tilkalla
Arbeidsulykka skjedde då mannen gjorde sveisearbeid saman med ein kollega på skinnegangen til kranen ombord på båten M/S Faktor. Uhellet skjedde då dei to arbeidarane skulle rigge seg til med utstyret.
— Han tok sveisekabelen med seg og den har truleg bremsa fallet noko, opplyser Myklebust.
Ulykka skjedde ved Sandfrakt i Ølensvåg, og båten tilhøyrer reieriet.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.15, og like før klokka 10.30 vart mannen frakta til Stavanger med luftambulanse.
Mannen som vart skadd i ulykka var innleigd frå Maritim Contracting AS i Etne.
— Både arbeidstilsynet og politiet er kopla inn i saka, seier Harald Myklebust.