Alvorleg åtak på sidemålet

I tillegg meiner fagmiljøa som har vorte spurt (Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo) […]

I tillegg meiner fagmiljøa som har vorte spurt (Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo) at det er så store forskingsmessige problem knytt til dette forsøksprosjektet at dei har sagt nei til å vere med på å måle effekten av det.
I handsaminga av stortingsmeldinga Kultur for læring i juni i år slo stortingsfleirtalet fast at obligatorisk sidemålsundervisning skal halde fram, at opplæringa skal verte betre og at det skal opprettast eit nasjonalt kompetansesenter for nynorskopplæring som skal leie og koordinere arbeidet for å utvikle innhaldet i faget, arbeidsmåtar og vurderingsformer. Framlegget frå Frp om å gjere sidemålsopplæringa munnleg vart avvist av alle dei andre partia.
Forsøket i Oslo strir mot alle desse signala frå stortingsfleirtalet. Eg har til dømes vanskeleg for å forstå korleis sidemålsundervisninga skal verte betre gjennom dette forsøket. Nynorsk er eit skriftspråk og då kan ein sjølvsagt ikkje setje strek over den skriftlege opplæringa.
Sidemålsundervisninga kan ikkje, og bør heller ikkje, vere freda mot ein kvar endring for all framtid, men forsøk i skulen bør dreie seg om korleis ein kan styrkje faga, ikkje, som her, om å fjerne heilt sentrale delar av undervisninga.

Eli Sollied Øveraas,
stortingsrepresentant,
Senterpartiet