Amerikansk skip i arrest

Tre ubetalte og ein faktura i vente frå Maritime Montering AS til det amerikanske rederiet […]

Tre ubetalte og ein faktura i vente frå Maritime Montering AS til det amerikanske rederiet Atlantic Pelagic Sea Food LLC, var grunnlag for arresten. To av fakturaene hadde forfall i juni og byrjinga av oktober.
I sakspapira frå Sunnhordland Tingrett kjem det fram at Atlantic Pelagic Sea Food LLC frå Portland, USA, skyldte omlag 800.000 kroner til Maritime Montering AS for levering og montering av inventaret på rederiet sin båt «American Freedom».
Innreiingsselskapet har ikkje fått betaling for det komplett utførte arbeidet, og frykta at det vert vanskeleg å driva inn pengane etter skipet forlèt landet. Laurdag gav retten løyve til Maritime Montering AS å ta arrest på «American Freedom», som på då låg ved Westcon i Ølensvåg.
— Me beslaglagde skipspapira i helga etter påbod frå Sunnhordland Tingrett, men det er ikkje noko dramatisk ved dette. Rederiet hadde ei uoppgjort gjeld til eit norsk selskap som utførte arbeidet på skipet. Men i løpet av måndagen gjore redderiet opp for seg og tysdagsmorgon vart arresten heva, opplyser lensmann i Vindafjord Ingvar Gjærde.
Rederiet Atlantic Pelagic Sea Food LLC fekk også betala sakskostnader på tjue tusen.