Fotball, 4. divisjon
GrannKam–Etne
(2-2) 3-3
0-1: sjølvmål, 2. min.
1-1: Eivind Aastvedt, 4. min.
1-2: Bjarte Rørtveit, 21. min.
2-2: Henrik Svendsen, 24. min.
2-3: Jarle Sjurseike, 74. min.
3-3: Henrik Svendsen, 90. min.
Gule kort:
Johannes Eide, Etne
Erik Reistad, GrannKam.
Bjarte Rørtveit, GrannKam
Dommar: Dag Løvås, Ganddal.
Godt og vel 200 på tribunen.
Lokaloppgjeret mellom Etne og GrannKam har enda med uavgjort seks gonger på rad. Kampen på fredag vart ikkje noko unntak. Etter berre to minutt fekk GrannKam sitt fyrste mål i kampen. Etter litt klabb og babb var det til slutt Kenneth Hegerland som laga sjølvmål. Etne gav snart svar på tiltale. Berre to minutt seinare scora Eivind Aastvedt for Etne. Første omgangen var underhaldande, begge lag viste stor vilje til å kome best ut av nabooppgjeret. Halvvegs i omgangen gjekk GrannKam opp i leiinga att, då Bjarte Rørtveit putta ballen i mål. På ny varte det ikkje lenge før Etne tok att med same mynt. Henrik Svendsen utlikna til 2-2, 25 minutt ut i første omgangen.
Berre minutt etterpå hadde GrannKam ein kjempesjanse. Ballen var så og seie på mållinja, og ein heil gjeng med etnespelarar brukte ei god stund på å bli kvitt ballen. Den stressande augneblinken for heimelaget resulterte i at deira eigen keeper Arvid Ness fekk seg ein skikkelig trøkk i andletet. Det såg lenge skummelt ut for Etne, som ikkje hadde reservekeeper på plass. Heldigvis for Etne kom Ness seg på beina att, og fullførte kampen.
Bomma på straffe
Fem minutt før pause, vart Ove Straumsøy felt innanfor sekstenmeteren, og dommar Dag Løvås peika på straffemerket. Kenneth Hegerland tok straffen, men Espen Vestbø i GrannKam –målet gjorde ei fin redning. Like før pause fekk Grannkam frispark. Magnar Larsen sende av garde eit skot som hadde fortent ein betre lagnad. Det harde skotet treff tverrliggjaren, og Etne var heldige som gjekk til pause med uavgjort.
Krig i andre omgang
Når laga kom på banen att etter pause, osa spelarane av innsatsvilje og tæl. Omgangen var prega av svært amper stemning, og dommar Dag Løvås fekk meir enn nok å halde fingrane i. Tøffe taklingar og hyppig munnbruk gjorde at stemninga utarta seg meir og meir. Etter ein halvtime fekk Jarle Sjurseike gulltreff på ballen, og scora kampens desidert finaste mål. Frå godt og vel tretti meter hamna ballen i krysset, og Arvid Ness i Etne–målet var sjanselaus. Det siste kvarteret av kampen var prega av kriging. Stemninga var veldig amper og dommaren sleit med å halde kontrollen over spelarane. I det aller siste minuttet fekk Etne betalt for kjempinga. Henrik Svendsen, som var svært målfarleg og god, kjempa inn målet som gjorde at Etne fekk med seg eit poeng på heimebane. Slik kampen utvikla seg, vann Etne eit poeng, medan GrannKam tapte to poeng.