Anbod i kollektivtrafikken i Hordaland

Men 8. september slo sparingsmagien sprekker. Då kunne NRK Hordaland fortelje om dei 18 sjåførane […]

Men 8. september slo sparingsmagien sprekker. Då kunne NRK Hordaland fortelje om dei 18 sjåførane som hadde slutta å køyre buss etter at Concordia hadde vunne anbodet i Sunnhordland. Dei ansatte kunne fortelje at opparbeida rettar etter fleire år som tilsette i Tide ikkje lenger var gjeldane.
Er det slik fylkeskommunen skal spare pengar? Er det dei einskild tilsette sjåførane som skal gje Høgre, Krf og Frp økonomisk handlefridom? Er det heile ein gigantisk bløff?
På fylkeskommunen sine heimesider kunne ein 31. mai 2007 lese fylgjande:
— Fylkeskommunen sparar ti millionar kroner årleg, samanlikna med subsidiane i år, og med nøyaktig same rutetilbod som i dag, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.
— Betre rutetilbod eller lågare takstar er det me vil nytta dei sparte pengane på, for det skal gå tilbake til passasjerane, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
— Samstundes får me eit kvalitetsløft på bussmateriellet, legg leiar Gustav Bahus i Samferdsleutvalet til.
Og vidare: Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen.
I retrospekt kan ein vel tenke seg til at ikkje det var verken dei tilsette sine rettar og arbeidsmiljø som sto i fokus hjå dei blå – gule, ei heller at Concordia har nytta sjåførar som køyrer seg vill på Bømlo. Det er godt at kvalitetskontraktane ikkje vart vidareført i Hordaland… Kven vil ha ein nøgd arbeidstakar i Tide buss som køyrer ungane dine trygt til skulen når ein kunne få Concordia i staden?
Høgre har for tida ein reklamekampanje som seier: Ser du rødt – er Høyre løsningen. Vel, eg ser rødt, men eg trur ikkje Høgre heller i denne saka er løysinga, snarare ein del av problemet.
Anbodsutsetting vil altid gje eit press på vanlege lønsmottakarar. Dei må alltid køyre lengre, fortare, med mindre betaling, og utan ein skikkeleg pensjon å sjå fram til. For det er det dette handlar om – valfridommen til Høgre, kor er den for dei som misser sine opparbeida rettar kvar gong selskap som Concordia skal tyna profitt ut av offentleg tenesteyting?
SV vil no krevje anbodstopp i fylkeskommunen fram til administrasjon og politisk leiing frå Høgre, Frp og KrF kan gje truverdige garantiar for at det som skjedde i Sunnhordland ikkje skal skje igjen. Skal Skyss og ha truverde som ein seriøs samfunnsaktør må det fylkeskommunale selskapet sørgje for at dei tilsette i busselskapa har ordna arbeidsforhold.
Og til slutt; no står snart anbodsutsettinga i Bergen for tur – kan ein leve med Concordia og Skyss sine innsparingar her, eller skal ein sette ned foten no?

Kjartan Haugsnes,
Medlem av samferdsel-
utvalet i Hordaland, SV