Eitt av alternativa er å oppretthalde rutene slik dei er i dag i Sunnhordland. Men fylkespolitikarane vil ha to andre alternativ med til dels drastiske kutt, når snøggbåtane i Sunnhordland skal ut på anbod.
Skånevik ramma
For Ølen og Utbjoa er det mest drastiske alternativet at dei blir tatt heilt ut av rutenettet for snøggbåtane. I mellomalternativet mistar Ølen to avgangar, men pendlaranløpet på Utbjoa blir oppretthalde.
Forslaga til kutt får også konsekvensar for Skånevik. I det eine kuttalternativet mistar Skånevik eitt av fem anløp, og to i det mest drastiske forslaget som skal prisast.
Forslaga til kutt i Ølen og Skånevik er fase to etter at fylkespolitikarane i Hordaland med Høgre, KrF og Frp i spissen vedtok at snøggbåtane skulle ut på anbod.
Dermed måtte HSD leggje på hylla ein plan om å kjøpe inn mindre båtar for å kunne oppretthalde rutetilbodet i Sunnhordland.
Også sambandet mellom Leirvik og Bergen blir sterkt ramma i kuttforslaga, og i verste fall at berre Flaggruta går mellom Bergen og Leirvik. Fylkespolitikarane har signalisert at dei vil ha reisande over på buss.
— Dette er heilt nye tonar. Målet er å spare pengar, og difor er det god grunn til å frykte at anbod vil gi innsparingar først og fremst ved å kutte i ruter. Men vi håpar i det lengste at vi får behalde snøggbåtrutene slik dei er i dag, seier ordførar Arne Bergsvåg i Ølen.
Frå ståstaden i Rogaland ser han ingen gode kanalar inn til Hordaland, og det er Rogaland som må ta vare på interessene til Ølen. Og Suldal og Sauda som har Ølen som knutepunkt nordover.
— Vi er godt nøgde med snøggbåtane og vil sjølvsagt ha dei som i dag. Men vi har tenkt litt strategisk og lagt fram ein plan b dersom det er uråd å unngå at Hordaland kuttar i tilbodet, seier Bergsvåg.
Den går først og fremst ut på å berge pendlarruta på Utbjoa dersom Ølen blir ei tapt sak.
Dessutan har dei fått aksept for at kollektivkroner framleis skal gå til Ølen sjølv om reisetilbodet går ut. Rogaland betaler i dag i snøggbåtsambandet Ølen har.
— Vegutbetring er eit aktuelt område. Når fastlandssambandet mellom Halsnøy og Kvinnherad kjem om to år, blir sambandet mellom Utbjoa og Sydnes viktigare, seier Bergsvåg.
Seinsommar 2006
Det var på eit ekstramøte i fylkesutvalet i Hordaland at det vart vedtatt å sende snøggbåtane i Sunnhordland ut på anbod med ulike kuttalternativ i tillegg til pris på rutene som går i dag.
Utlysinga er 1. april med svarfrist 1. juni i år. langt ut på hausten vil det truleg bli lagt fram alternativ for politikarane.
Det er eit arbeidskrevjande prosjekt som truleg fører til at samferdsleavdelinga må tilsetje fleire folk for å klare oppgåva.
Planen er at det nye ruteopplegget skal kome i gang på seinsommaren 2006. Samstundes som eit elektronisk system for billettar blir tatt i bruk.