Det er illevarslande at barn rett og slett blir sjuke av for lite mosjon. Det er bakgrunnen for at Nasjonalforeningen for folkehelsen nettopp har gjennomført ein hoppetaukonkurranse på skulane her i landet. Målet er skape aktivitet som alle kan vere med på. Ein del av forklaringa på det fysioterapeutane varslar om, er at det er blitt for stor avstand mellom dei fysisk aktive barna, og dei som er meir passive.
Vi treng ikkje endå ein moralsk peikefinger om kor uheldig det er med usunn livsstil. Det viktigaste er at det blir lagt til rette for fysisk aktivitet i barna sin kvardag. Her har foreldra eit ansvar, men skulen tar stadig meir av barn og unge si tid fordi dei går meir på skule enn før. Dermed får skulen også eit stort ansvar for at elevane ikkje blir passivisert.
Eit enkelt forslag er at fysisk aktivitet får ein større plass i skulekvardagen enn i dag. Ein kan ikkje skuve ansvaret over på fritida og foreldra. Det blir gjort ein god del med utemiljøet der både ballbingar og Tarzan-løyper legg til rette for at elevane får utfalde seg. Det er flott, men det kan gjerast meir på mange skular.
Over 20 prosent av kaloriane den amerikanske befolkninga får i seg, er frå brus og fruktdrikkar. Det er ikkje tilfeldig at USA har langt større vektproblem enn Europa. Helseminister Sylvia Brustad gjekk nyleg ut med eit forslag om at snop og sukkerhaldige varer bør bli dyrare her til lands.
Det er sikkert eit godt forslag, men det er kanskje endå viktigare med trygge skulevegar slik at flest mogleg kan gå til skulen. Og at kommunane prioriterer å ha vatn i symjebassenga.