Alle skuldar på alle. Det norske folk er nå vant med at debatt om ansvar er ei komedie. Ulykker og tragediar er ofte eit resultat av dårleg lovverk og mangel på beredskap. Det er ei historisk sanning. Og når ulykka er ute og går, skyver ein ansvaret over på kvarandre. Det ligg på barnehagenivå i så måte. «Det er typisk norsk å vera god», høyrtes ein gong frå ein av dei såkalla ansvarlege. Det kan etter kvart nå skrivast om til «det er typisk norsk å ikkje vera god». Ein kan nok ikkje vera verdsmeister i eitt og alt.
Når ein har opplevd så mange ulykker, katastrofar og tragediar som vedkjem også vårt land, så skulle ein tru at dei ansvarlege hadde teke lærdom av det. Til å vera meir føre var enn tilfelle mange gonger er. Strenge lovar vil styresmaktene helst ikkje ha. Det merkast godt i krim, valds- og drapssaker. Domstolane er ofte ikkje i takt med den folkelege rettskjensla. Det forpliktar nemleg og krev eit ansvar. Det merkast godt i krimpolitikken og i reaksjonar i folket etter vald og drap. Det er oftast offeret og pårørande som må svi. Og tregskapen med å førebyggja er godt synleg. Det å førebyggja fare for liv og helse får som oftast til svar at der er ikkje pengar på budsjettet. Skjer det så ei ulykke som verkeleg skakar samfunnet, så kjem det pengar på bordet. Då kjem ofte betalinga som avlat for forsøminga. Det må nesten alltid kosta menneskeliv eller helse først. Og det er ikkje alltid dei store pengane som skal til for å unngå slike farer og feller. «Eit folk får ikkje dei politikarane det fortener», heiter det. Diverre.
Endre Heggen