Etne Frp og kulturhuset

Ap og Siri Klokkerstuen ser ut til å ha ei kjensle av å tala for […]

Ap og Siri Klokkerstuen ser ut til å ha ei kjensle av å tala for døve øyrer når denne saka blir diskutert med Frp og underteikna, men tilfellet er stikk motsett. Etne Frp veit svært godt at det ikkje er Etne kommune som skal vera garantisten for brorparten av det eit nytt kulturhus kostar. Derimot ser det ut for at Ap og Siri Klokkerstuen ikkje vil ta inn over seg at aksjeselskapet bak kulturhuset, og difor dei forskjellige laga og organisasjonane, er i ferd med å pådra seg ei gjeldsbyrde som er nesten like stor som heile gjeldsbyrda til Etne kommune for å få byggja kulturhuset. Med dagens rentenivå, og med ei så høg gjeld, er det for oss i Etne Frp eit mysterium korleis investorane i kulturhuset skal kunne betena gjelda, og dette er hovudgrunnen til at Etne Frp seier klart ifrå om at vedtaket om bygging må takast opp til ny vurdering.
Dei økonomiske føresetnadane for prosjektet er dramatisk endra grunna ei enorm vekst i kostnadane ved bygging. At fylkeskommunen ikkje vil forplikta seg til å driva skule i kulturhuset gjer ikkje saka betre. Den årlege leiga skulen skal betala dei få åra dei har sagt dei kan binda seg til, vil sannsynlegvis ikkje dekka halve rentekostnaden eingong.
Det er heller ikkje slik at Etne Frp berre seier nei – me har eit godt alternativ. Det er ikkje slik at Siri Klokkerstuens «doble kinderegg» er nødvendig for at Etnebygda skal få på plass ein idrettshall – tvert om. Etne Frp foreslår å byggja ein stor idrettshall der grusbanen ligg i dag, føretrinnsvis med ein seksjon med grupperom for lag og organisasjonar.
Så ungdommen skal få idrettshallen dei treng, berre større enn kulturhuset kan by på. Enge skule skal få ei løysning på problemet med lokale for fysisk fostring. Ein slik hall vil òg vera godt eigna til utstillingar, messer, konsertar og andre arrangement med det inntektspotensialet dette vil gi. Tilskotsordningane for ein slik hall er også gode. Idrettshallen vil sjølvsagt då kosta mykje mindre enn eit nytt kulturhus. Det samfunnshuset me har i dag ser me for oss at skal pussast opp og gjerast meir attraktivt – utan at me som bygdesamfunn skal setja oss i botnlaus gjeld.
I Etne er også hest kultur, og det er på tide at ein ridehall kjem på plass slik at dette miljøet får betre vilkår.
Dei av innbyggjarane i Etne kommune som synest at eit nytt kulturhus er det einaste me skal kunne bruka pengar på i overtil begge etableringane. Blir det ikkje ei løysing, vil konflikten leve sit eige liv i lang tid framover. Det er uheldig for begge partar, og det er ganske innlysande at sjølv om det er snakk om yngelproduksjon, så er det ikkje ei varig løysing for fiskeoppdrettet å drive vegg i vegg med ei bedrift som skal handtere miljøavfall.
Det blir ingen omkamp om AF Decom si etablering på Raunes, og den er ønskt av eit klart politisk fleirtal i kommunen som har prioritert arbeidsplassar og industri.

Konsekvensane aktiviteten får for miljøet og Vatsfjorden, kan berre framtida gi svar på. Det er alt blitt meir kvikksølv i fjorden, og fylkesmannen og SFT avgjer kva som er akseptable utslepp av tungmetall. I tråd med det fylkesmiljøvernsjefen har sagt om lokaliseringsvalet, kan ein slå fast at både politikarane og kommunen bør føle ansvar for problem og konfliktar som kan oppstå i kjølvatnet av etableringa.