Ansvaret

Natteramnane har mykje å sjå etter, heiter det. Politimeisteren seier at dette kan politiet rett […]

Natteramnane har mykje å sjå etter, heiter det. Politimeisteren seier at dette kan politiet rett og slett ikkje akseptere og svarer med sjokkbøter for helgebråket. I andre byar og tettstader får vi og høyre om fyllebråk.
No er det vel slik at for fyllebråket må det nytast alkohol. Ungdom drikk alkohol som aldri før. Det er tale om dobbelt så mykje alkohol mellom ungdom no som berre for få år sidan.
I reportasjane om helgefylla blir det referert til alkoholbruken mellom ungdom, det vert tala lite om grunnar for dei tilstandane ein ser utslag av. Det har til alle tider vore slik at ungdom sin åtferd eigentleg er utslag av dei vaksne sine haldningar. Når ein ser at politikarane våre vil leggje vegen open for nær fri flyt av alkohol, må ein vente reaksjonar. Det siste er at helse– og omsorgsministeren seier at målsetjinga for regjeringa er polutsal i alle kommunar. Då er heller ikkje vegen lang til kravet om vin i daglegvarebutikkane landet over. Då kan ein ikkje undrast over dei utslaga som er refererte til. Ein må henge bjølla der ho høyrer heime, på politikarane som meiner at alkohol høyrer til i alle samfunnslag.
Bevillingar for både sal og servering sit laust. Om ikkje lenge vert butikkhyllene fylte med juleøl — ein må leite lenge for å finne eit meir malplassert namn på ei vare — ja, det heiter julebrennevin også. Ein får også pågangen av julebord. Politiet fryktar promillekøyring og vil intensivere kontrollane, alvorlege hendingar er i vente.
Konklusjon på desse linene er i grunnen lett å finne. Politikarane må sjå årsaka til ungdomen sin åtferd i alkoholrus. Dei må sjå at vegen ikkje kan vere å leggje mest mogleg til rette for alkoholtilgang, dei kan ikkje la vere å sjå samanhengane.
Eg set som overskrift på desse linene «ansvaret». For dei tilstandane vi høyrer om må det meir leggjast vekt på grunnane eller ansvaret, og her går oppfordringa til politikarane.

Osvald Nordhaug