Men trass i at mange er såra og vonbrotne etter at SV snudde, har partiet i denne saka vist seg som eit ansvarleg regjeringsparti. Det har også Senterpartiet som for få år sidan gjekk frå regjeringsmakta når Stortinget vedtok å gje konsesjon til gasskraftverket på Kårstø.
Noreg treng å produsera meir energi for å unngå den ventande kraftkrisa. Samstundes har landet eit ansvar for miljøet gjennom Kyoto-avtalen. Å oppfylla den kan gasskraftverket på Mongstad hjelpa til med.
Med denne bygginga er det nemleg god grunn til å tru at det vil bli utvikla teknologi som gjer Noreg i stand til både å fanga CO2 og bruka den som ein ressurs i Nordsjøen. Med dei mengdene CO2 som vil bli produsert på gasskraftverka på Mongstad og Kårstø, er grunnlaget lagt for å få på plass ein verdikjede som inneber at CO2 blir brukt som trykkstøtte for oljeutvinning.
Dette blir gjort effektivt alt i dag, men då ved å ta CO2 som blir produsert på sokkelen. Problemet til no har vore at det er for lite CO2 gjennom enkeltutslepp på land. Dermed har kostnaden med transport av CO2 ut til sokkelen blitt for høg i forhold til gevinsten. No må både staten og Statoil yta økonomisk slik at dette blir ein realitet. Dette vil gje samfunnsøkonomisk gevinst, og på sikt også miljøgevinst.
Og fordi reinsinga ikkje skal vera på plass før i 2014 er det tid nok til å få både fangstanlegg og infrastruktur på plass. I mellomtida må Statoil kjøpa CO2-kvotar på den internasjonale kvotemarknaden. Det betyr at utsleppa av CO2 i praksis skal ned ein plass for å bli sleppte ut på Mongstad i staden. På global basis vil det dermed ikkje ha noko å seia at gasskraftverket på Mongstad ikkje blir bygd med reinsing frå dag ein. Hadde ikkje Noreg sett i gong dette prosjektet, ville resultatet vore enda meir import av energi produsert på meir forureinande måtar enn her. Dermed er dette fornuftig politikk frå regjeringa si side.