— Åh, den var fin! Ein sånn kunne eg tenkt meg. Publikum sette stor pris på det modellane hadde å syne fram.
Mellom åtti og nitti tilskodarar møtte fram då Vindafjordhallen presenterte mannekengoppvisning sist onsdag. Kleda som vart synte fram kom frå butikkjedene Claire, Bik Bok, Herrmann og Stor Mote.
Kveldens konferansier Bjørn Steinar Nesheim, skapte fin flyt i programmet med sine muntre utsegn. Han var for høvet svært elegant kledd i ein smoking som han hadde arva av onkelen sin.
— Nei, nå trur eg me set omkledningsrekord her! Aldri har eg sett ei dame skifte så fort, sa Bjørn Steinar Nesheim.
Effektivitet bak scena
Dei eldste modellane greidde i løpet av mannekengoppvisninga å vise fram langt fleire antrekk enn dei yngste modellane. Om dette kom av utval i klede eller betre utnytting av tida, er uvisst. Dei eldste modellane var i alle fall svært kjappe til å kle seg om, og entra scena som om dei ikkje hadde gjort anna.
Av dei frammøtte var om lag 95 prosent damer. Neste gong bør fleire menn stille opp. Dei mannlege modellane Leif Dale, Mikal Grindheim og Nils Ingve Stokkland gjorde ein flott innsats og synte fram mange fine antrekk som truleg freista det mannlege publikum i salen.
Fort gjort
— Representantane frå butikkane ville ha mannekengoppvisninga unnagjort så fort som råd, og i ei vending. Difor vart det ikkje nokon pause, slik me aller helst hadde ynskt, seier konferansier Bjørn Steinar Nesheim.
Sjølve mannekengoppvisninga var unnagjort på ein halvtime. Etterpå var det mogeleg for dei frammøtte å nyte kaffi og kaker med sambygdingar. I tillegg var representantar frå både Oriflame, Enjo og Smart læreleker til stades i Vindafjordhallen.