Ap og Sp kjempar om ordførarstolen

Ei meiningsmåling Norfakta har gjort for Grannar viser at Høgre går kraftig tilbake i forhold […]

Ei meiningsmåling Norfakta har gjort for Grannar viser at Høgre går kraftig tilbake i forhold til valresultatet ved kommunevalet for fire år sidan. Dersom det hadde vore val i dag, ville Høgre gått ned frå 27,8 til 17,3 prosent. Dermed taper partiet ein tredjedel av kommunestyrerepresentantane dei har i dag. Kristeleg Folkeparti går tilbake med rundt 3 prosent, og mistar ein representant.
I den same målinga går Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet fram med mellom 6 og 7 prosent. Målinga gjev både Ap og Frp ein representant meir i kommunestyret enn i dag, medan Sp får to fleire. Sp og Ap blir dermed like store med fem representantar kvar.
Kostbart bråk
Høgre gjorde eit godt val for fire år sidan, men likevel kan det sjå ut til at bråket rundt vrakinga av Høgre-ordførar Amund Enge i nominasjonsprosessen i vinter har kosta partiet dyrt. Ein nedgang på 10,5 prosent gjer at partiet går frå å vera det suverent største partiet i Etne, til å bli minst av dei fire store.
— Den store nedgongen er litt uventa, men eg føler meg trygg på at me skal ta igjen dette og gjera eit like godt val som sist. Me har spennande ting på gong som me trur veljarane vil lika, seier leiar i Etne Høgre, Rune Ramsvik.
Målinga Norfakta har gjort viser også at Høgre tapar dei fleste veljarane til Ap og Frp. I tillegg er det ei stor gruppe av dei som gav si stemme til Høgre for fire år sidan, som er usikre på kva parti dei skal stemma på 10. september.
— Når me får presentert Roe Lauvås og kva han står for, i tillegg til andre ting, vil me vinna dei Høgre-veljarane som er usikre, meiner Ramsvik.
Roe Lauvås sjølv er ikkje overraska over nedgongen med tanke på uroen i vinter. Han meiner veljarane må få vita kva partiet står for før dei bestemmer seg.
— Det som er viktig er kva som vil skje dei neste fire åra. Når Høgre gjorde endringar, var det fordi me også ville endra kursen. Noko av det me vil gjera er å få opnare kanalar mellom innbyggjarane og den politiske organisasjonen. Me vil ha på plass klageordningar som gjer at folk føler seg meir resppekterte, seier han.
Høgre vil også kutta i mellom anna ordførarstillinga og det politiske arbeidet for å frigjera 400.000 kroner til ungdoms- og velferdstiltak.
— Det kan bli mindre enn ei halv ordførarstilling, seier Lauvås.
Forhandling om ordføraren
Etne har ikkje, som Vindafjord, direkteval på ordførar. Meiningsmålinga viser at kampen om ordførarvervet truleg kjem til å stå mellom dagens regjeringspartnarar Ap og Sp. Men begge partia er avhengig av å få fleire med seg i ein koalisjon, og dermed kan det vera duka for harde forhandlingar om målinga skulle bli resultatet.
Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil ha fleirtal saman med Høgre og KrF. Dermed kan nye, eller gamle, alliansar dukka opp når ordførarvervet skal fordelast.
— Om denne målinga vert resultatet, kan det bli ei utfordring å få ein samarbeidskonstellasjon. Det opnar seg både utfordringar og moglegheiter, meiner Rune Ramsvik.
Ser ein på kjønnsskilnadar så er det Arbeidarpartiet som skårar best blant kvinnene. 31 prosent av dei spurte kvinnene vil røysta på Siri Klokkerstuen & co. Også KrF har ei stor overvekt av kvinnelege veljarar. Blant mennene får både Sp, Frp og Ap ein oppslutnad på over 20 prosent.

Les meir i papiravisa.