Arbeidsløysa

Tala på arbeidslause går stadig nedover. Ved utgangen av november var det 1,5 prosent ledige […]

Tala på arbeidslause går stadig nedover. Ved utgangen av november var det 1,5 prosent ledige i Rogaland og 2,1 prosent i Hordaland. Også i Vindafjord og Etne går tala ned på dei som ikkje er i arbeid, og det er all grunn til å gleda seg over ein slik situasjon.
Likevel skal ein ikkje gløyma at det framleis er 69 personar i desse to kommunane som ikkje har jobb. For desse er det truleg ei ekstra belastning å vita at arbeidsmarknaden er så god, samstundes som dei ikkje får jobb. Av den grunn må arbeidet med å få enda fleire i arbeid halda fram.

Arbeidsmarknaden skrik no etter meir arbeidskraft. Det er ikkje berre ein positiv situasjon. Mangel på kvalifisert arbeidskraft vil gå utover bedriftene til slutt. Kampen om arbeidskrafta pressar løna oppover, og enkelte verksemder vil tapa i konkurransen. Faren er at det er dei offentlege tenestene som må lida mest.
Over tid vil også konkurranseevna bli svekka. Det vil truleg føra til at arbeidsløysa på nytt vil stiga fordi ein ikkje har like god evne til å tåla auka kostnadar. Balansegangen er hårfin og vanskeleg.

Ein grunn til at talet på arbeidsledige går ned, er også det at fleire får uførepensjon. I denne gruppa er det truleg mange som kunne tenkt seg eit yrkesaktivt liv, men som ikkje får det. Det blir ei skjult arbeidsløyse.
Desse personane er heller ikkje nokon ein må gløyma. Slik arbeidsmarknaden er no, kan ein leggja til rette for at fleire kan bli yrkesaktive igjen. Det kan skje på fleire måtar, men å få tilpassa arbeidsplass og arbeidstid er relativt enkle grep.
Å få fleire arbeidsuføre tilbake i jobb vil truleg medføra at sjukefråværet ikkje vert redusert, slik målet er, men aukar. Dette er likevel ein kostnad samfunnet må vera villig til å ta. Gevinsten vil vera at fleire får jobb, arbeidsmarknaden vil få tilført meir arbeidskraft og presset minkar.