Arbeidsplassar mobile som aldri før

For eit par månader sidan flytta brørne Bjørn Ove, Kurt og Johnny Helgesen inn i […]

For eit par månader sidan flytta brørne Bjørn Ove, Kurt og Johnny Helgesen inn i bankbygningen i Vikedal med tre selskap som først og fremst handlar om ingeniørtenester. Unntaket er Johnny Helgesen som saman med ektefellen Ivana Helgesen også har reiseliv i Montenegro på tapetet.

Frå Vikedal
— Kommunikasjonen i dag er slik at geografien du arbeider i har mindre betydning enn før. I service- og kunnskapsbedrifter kan ein ofte like godt arbeide frå Vikedal som frå Haugesund eller Stavanger. Målet mitt er å kunne arbeide nesten utelukkande frå Vikedal, seier Johnny Helgesen.
Han driv enkeltmannsføretaket Scan Consult frå Vikedal, men på grunn av arbeid for andre selskap er han i Stavanger tre dagar i veka. Det handlar om ingeniørtenester for oljebransjen, og pluss at bedrifta driv litt med webhotell og design. Agenturet for Montenegro Apartments er det Ivana Helgesen som tar seg av.
Kontorfellesskapet er ikkje større enn at det er nokre få meter over til Helgesen Ingeniørtenester som Bjørn Ove Helgesen driv, og Project Partner AS der Kurt Helgesen er dagleg leiar.

Ingeniørar etterspurde
— Selskapa har ikkje meir med kvarandre å gjere enn at vi bestemte oss for å flytte inn i eit kontorfellesskap i staden for å ha kontor heime, seier Kurt Helgesen.
— Vi kan også utveksle erfaringar sjølv om vi driv dette heilt separat, seier Johnny Helgesen.
Kurt Helgesen likar hovudoppslaget i avisa Dagens Næringsliv denne dagen. Det er klappjakt på fagfolk, og berre i Rogaland manglar det over 1.000 ingeniørar i olje- og gassindustrien. Det er mat for mons for tre automasjonsingeniørar som lever av oljeindustrien.
Kurt Helgesen arbeider to veker på Snøkvitprosjektet for Statoil, og deretter to veker friperiode som dagleg leiar for Project Partner AS. Når han er ferdig som konsulent i Hammarfest om eitt år, er målet at Project Partner skal bli hovudarbeidsplassen.
Selskapet har i dag ti tilsette, og med seg i administrasjonen i Vikedal har han Klara Bjordal som er frå Tsjekkia.

Meir vanleg
Klappjakta på ingeniørar har ikkje gjort det mindre interessant å etablere seg i heimbygda. Johnny Helgesen kom tilbake til Vikedal for over ti år sidan og har arbeidd som konsulent sidan den tid.
— Når marknaden er pressa, er det lettare å få avtalar om slike ordningar. Tidlegare hadde eg til dømes heimedagar då eg arbeidde på Kårstø, og det blir generelt lagt meir til rette for å kunne arbeide slik, seier Johnny Helgesen.
I dag er det fem som arbeider på kontoret i Vikedal, men oppdragsgivarane sit heilt andre stader i landet, og utlandet. Gullalderen med store investeringar i oljeindustrien held fram, og det gir oppdrag også til folk med den rette kunnskapen også inne i fjordarmane i landet. Det er ikkje lenger eit kriterium å måtte flytte etter jobben. I dag er det oppdragsgivarane som jaktar på ingeniørar, også så langt vekke som India.