Arbeidsulukke i Ølensvåg

Klokka 09.14 i dag morgon fekk politiet melding om ei ulukke på ein arbeidsplass i […]

Klokka 09.14 i dag morgon fekk politiet melding om ei ulukke på ein arbeidsplass i Ølensvåg. Ein person skulle tetta ein oljelekkasje tre meter oppe på veggen i ein verkstadshall. Stigen personen klatra i, skleid og mannen fall. Han fekk skader i hovudet og ryggen, men var bevisst. Lege kom til staden, og den skadde blei send til Haugesund sjukehus med ambulanse.