Årelangt arbeid for dei gamle

Dei tre damene er ikkje heilt sikre på kor lenge dei har heldt på, men […]

Dei tre damene er ikkje heilt sikre på kor lenge dei har heldt på, men dei tippar 12-13 år. Dei har iallfall halde på så lenge at dei er blitt lagt merke til av kommunen. Damene fekk nemleg omsorgsprisen 2004 i Vindafjord for arbeidet sitt.
— Det var veldig uventa å få prisen, seier Astrid Mortveit.
— Og forferdeleg kjekt, seier Kirsten Årdal.
Alle tre har jobba på Skjold trygdebustader som heimehjelper. Annakvar torsdag kjem ti eldre damer saman i fellesrommet på trygdebustadene takka vera Røgenes, Mortveit og Årdal. Dei vartar opp med smørbrød, vaflar og kaffi. Presten held andakt og utlodding er også fast post på programmet.
— Me synest det er kjekt og givande. Når me ser smilande fjes er det lønn god nok, seier Røgenes.
— Og så er det kjekt å halda kontakten med dei med arbeidde for før. Eg var frykteleg glad i arbeidet mitt. Det var så mange positive folk og eg sakna den gode kontakten. Difor var det kjekt å ta tak i dette slik at ein har iallfall har noko, seier Mortveit.

Godt kjende
— Eg likar meg godt her og det beste er fellesskapet, seier Kristine Vik (88).
Borghild Mortveit (75) har vore med omtrent sidan startfasen til dei tre damene. Ho synest det er kjekt å komma saman med andre.
— Det er flott. Her kan me prata saman og så blir me så godt kjende, men det tok lang tid før eg kjende meg heilt trygg, vedgår Mortveit. Ho set også pris på at presten kjem og held andakt for dei. Og presten sjølv rosar treffet.
— Det er eit triveleg tiltak som betyr mykje for mange, seier Sigrunn Hagen Arnesen.

Gammal tradisjon
Eldretreff har eksistert i bygningen sidan 1977 då det stod nytt. Då var Ingeborg Haugen (81) svært aktiv. Nå nyttar ho seg sjølv av treffa som ho var med og starta opp.
Eldretreffet er ein rein kvinneklubb, men døra er også open for menn.
— Menn er hjarteleg velkomne. Det er også nye damer som ynskjer å vera med, seier Årdal.
Røgenes, Mortveit og Årdal kjem til å få utdelt prisen på 3.000 kroner på julemøtet i kommunestyret.