5. divisjon avd. 4
Finnås – Vats 94/Skjoldar 2 – 4 (0 – 1)
0 – 1 Sigbjørn Tysvær (16. min.)
0 – 2 sjølvmål (52. min.)
1 – 2 (67. min.)
1 – 3 Jan Bauge (69. min.)
2 – 3 (78. min.)
2 – 4 Morten Frøland (85. min.)
— Me møtte eit godt lag, men i motsetnad til mot Rubbestadneset sist så gjorde me vår beste kamp. Finnås heime på kunstgras er ikkje til å kimse av, og det er ikkje alle lag som vil ta poeng her, seier Vats 94/Skjoldar-trenar Geir Rasmussen.
Han fortel at bortelaget alt i alt var det beste laget, men at Finnås fleire gongar yppa seg. Likevel var det ein fortent trepoengar.
— Spelarane viste ein voldsam glød. Dette var ein kamp dei ikkje ville tapa. Heile laget spela god og fin fotball, og alt anna enn tre poeng ville vore urettvist, meiner han.
Men sjølv om sesongstarten har vore svært bra med ti av tolv moglege poeng, vil ikkje trenaren snakka om opprykk no.
— Me har gode treningar og spelar gode kampar, men me skal ikkje legge press på oss sjølve. Me tar ein kamp om gongen, seier Rasmussen.
Måla var ifølgje trenaren også av det flotte slaget. 0 – 1 kom etter ein overgang der Finnås må gje retur. På 16 meter står Sigbjørn Tysvær og klinkar ballen i mål. 2 – 0 kom etter at Jan Bauge vann ballen 30 meter frå mål. Etter å ha runda backen skyt han mot mål, der ein Finnås-forsvarar ikkje klarar anna enn å klarera ballen i eige mål.
— 3 – 1 kjem etter eit overlegg frå venstre som Jan møter og bankar i mål. Det siste er eit overlegg frå høgresida som Morten møter på bakarste stolpe og kliner inn. Alt i alt ein veldig kjekk kamp der spelarane gjev alt dei har, oppsummerar Geir Rasmussen.