Årsbeste

4. divisjon, menn avd. 2 Rogaland Torvastad – Etne 1–3 (1–2) 1–0 (15. min) 1–1 […]

4. divisjon, menn avd. 2 Rogaland
Torvastad – Etne 1–3 (1–2)
1–0 (15. min)
1–1 Ove Straumsøy (25. min)
1–2 Eivind Aastvedt (40. min)
1-3 Martin Heggelund (60. min)
Gult kort: Kjetil Bjørgen (Etne).
Dommar: Nils A. Vestvik

— Sigeren var fullt fortent. Torvastad hadde føringa eit lite kvarter midtvegs i første omgong, men elles var det me som styrte denne kampen, fortel trenar Martin Moe (bildet).
Dramatikk vart det likevel kvarteret før slutt. I ein duell framføre målet til Etne, skalla keeper Thomas Rullestad saman med ein spelar frå Torvastad. Det enda med seks sting for Rullestad.
— Heldigvis var det lege til stades, og begge måtte sy. Men det gjekk bra likevel, fortel Moe som måtte setja utespelar Kenneth Hegerland i mål i sluttminuttane av kampen. Saman med resten av forsvaret heldt han unna forsøka som kom frå heimelaget.

Siktar mot toppen
— Denne kampen var årsbeste for vår del. Gutane spela med hjarta utpå skjorta og viste at dei ville bli i 4. divisjon. Me spela god fotball, var aggressive og skapte mange sjansar, seier Martin Moe.
Trenaren meiner laget alt neste år bør ta mål av seg til å kjempa i toppen av 4. divisjon. Det trass i at laget i år har kjempa for å unngå nedrykk.
— Blir du med vidare?
— Ingenting er avgjort enno, svarar Moe.
Han fortel at eit par av spelarane vurderer å trappa ned. Elles har han ikkje fått signal om at nokon gjev seg.
— Her er det mange unge spelarar som vil utvikla seg vidare. Etne bør sjå lyst på dette, meiner trenaren.