Åslaug Haga gjer kommuneøkonomien lettare

Kommunane får sin vesentleg del av den auka skatteinngangen siste året. For Vindafjord sin del […]

Kommunane får sin vesentleg del av den auka skatteinngangen siste året. For Vindafjord sin del er dette sers verdfullt då det tidlegare i år var svert vanskeleg å få i stand eit tilfredsstillande budsjett for neste år.
Kvaløy var òg innom forvaltningsreforma som me har framfor oss. Han understreka at det må vera viktig å arbeida for at gjennomføringa av denne omlegginga i forvaltninga må føre til at mest mogleg avgjerslemynde vert tillagt folkevalde organ.
Årsmeldinga for dette første året etter kommunesamanslåinga synte at Senterpartiet i Vindafjord er eit aktivt lag. Medlemstalet er noko over 100, og ein har også i det siste året fått ein del nye medlemmer.
Valnemda hadde gjort eit godt førearbeid slik at vala i årsmøtet gjekk greitt unna. Etter valet er styret slik samansett: Olav Eikeland, leiar, Anders Haugland, nestleiar, Siv Bente Stople Østbø, kasserar, Johannes Hustveit, studieleiar, Bryn Rønnevik, skrivar og Agnar Naustdal, 1. vara.
Nominasjonsnemda er godt i gang med vallista til kommunevalet neste år. Førebuinga til valet vil nok krevje ein stor del av aktiviteten framover.
Årsmøtet gav honnør i form av applaus til ordføraren, Arne Bergsvåg, for måten han har leia kommunestyret på gjennom dette første året etter samanslåinga. Leiaren for kommunestyregruppa, Åsmund Kalstveit, orienterte om arbeidet i gruppa og i kommunestyret.
I siste del av årsmøtet var det høve til å komma med tankar og idear om arbeidet framover, og her kom det fram mange idear og meiningsytringar om ulike saker som er aktuelle i tida. Dette saman med det gode frammøtet til årsmøtet viser at «senterpartifolket» er positivt opptatt av utviklinga i kommunen vår, og i samfunnet elles.


Olav Eikeland