Asvo treng meir folk

Øyane Asvo har varig tilrettelagt arbeid for folk som går på trygd, enten uføretrygd eller […]

Øyane Asvo har varig tilrettelagt arbeid for folk som går på trygd, enten uføretrygd eller attføringspengar (VTA verksemd). Dei tilsette får då behalde trygda fullt ut, og får det dei tener på Asvo i tillegg.
— Er ein uføretrygda, kan ein tene om lag 58.000 kroner årleg i tillegg til trygda, og dei som går på attføringspengar kan tene om lag det halve. Her er det ingen karantene, difor kan dei trygda tene her frå første dag dei får trygd, seier dagleg leiar Sigurd Stødle. Nå ønskjer han seg fleire personar som går på trygd.
— Ja, dei som er trygda er velkomne. Ring eller kom innom. Om det er nokon som berre vil arbeide eit par dagar i veka, kan ein diskutere forskjellige ordningar. Både når det gjeld dagar og arbeidstid, kan det tilpassast. Eg kan love eit godt sosialt miljø. Det er veldig lite fråvær blant dei som er tilsette her i dag, seier han.

Mange oppdrag
Det er særleg i vaskeriet Asvo treng meir folk. Oppdraga aukar stadig.
— Vi har vasken for Etne og Ølen omsorgssenter og arbeidskleda for dei fleste store bedrifter i distriktet. Vi vaskar også køykleda for HSD i Sunnhordland. Dessutan vaskar vi mange store ting for folk flest, til dømes overmadrassar, teppe og dukar, fortel Stødle.
Verksemda har i dag17 trygda som dei får driftstilskot for. Dei fekk to nye (VTA plassar) for inneverande år, og har søkt om tre nye for neste år. Ordninga er slik at for kvar femte trygda dei har i arbeid, kan dei ha ein arbeidsleiar. Difor har Asvo rett til rundt tre arbeidsleiarar per i dag.
Dei tilsette fordeler seg nesten likt på vaskeriet, pakkeavdelinga og avdelinga for returpapp og plast, som ligg i Steinshagen. Når det gjeld sistnemnde avdeling, er denne også i vekst. Fleire og fleire leverer til gjenvinning, og Stødle minner om at der kan også private levere større ting innan plast og papp gratis, når dei køyrer det til plassen sjølve.