Åtvarar mot brannfare

— Heldigvis var det ikkje vind, og vi fekk kontroll over brannen etter ein time. […]

— Heldigvis var det ikkje vind, og vi fekk kontroll over brannen etter ein time. Med litt andre vindtilhøve kunne dette blitt ein storbrann, seier Grindheim.
Beredskapssjefen opplyser at dei var klare over kor ekstremt tørt det er, og vatna godt etter at brannen var sløkt på det fire mål store området som vart brannherja søndag kveld. Likevel blussa brannen opp igjen rundt klokka 09.00 på måndag morgon.
— At varmen ligg latent så lenge og kan blusse opp igjen 12-14 timar etterpå, viser kor farleg dette er. Det bør vere ein tankevekkar for alle. Sjølv om ein trur ein har sløkt, kan brannen gøyme seg nede i bakken, seier Grindheim.

Dagen før
Brannen på Sandvik på Skånevikstranda vart meldt til politiet klokka 19.05 søndag kveld. Politiet trur brannårsaka er grillkol som var kasta dagen før. Glør har likevel blussa opp dagen etter.
— Vi fekk sløkt brannen eit par meter frå ei hytte. Det var folk i hytta som spylte med hageslange. Det ligg fleire hytter i området, men heldigvis fekk vi kontroll over brannen i tide, seier Grindheim.

Totalforbod
Beredskapssjefen i Etne brannvesen vil rette ein åtvarande peikefingar mot å tenne opp eld, eller grille ute.
— Det er kjempefarleg så tørt det er no. Eg trur ikkje eg har opplevd at det har vore så tørt før. Kombinasjonen med høg temperatur, vind og ingen nedbør er årsaka. Dessutan er det framleis restar av fjorårsgraset som tar veldig lett fyr, seier han.
Ingen vil få løyve til å tenne opp bål slik tilstanden er, og dermed er det i praksis totalforbod mot det, seier han.
— Til naud kan ein grille ved sjøen i god avstand frå alt anna, seier Ole Martin Grindheim.
Ei kveldsbye er ikkje nok til å endre på denne tilstanden. Det må ei skikkeleg rotbløyte til over fleire dagar for å mette skogbotn og jordsmonnet.