Auka utslepp frå industri og næring, samt aukande bil- og båttrafikk er hovudårsakene til at Noreg aukar sine forureinande utslepp.
Også lokalt har det skjedd ein auke. Her er det landbruket som står for mykje av auken, men naturleg nok er vegtrafikken, med ein sterkt trafikkert europaveg, også ei årsak til auken. Trenden er lik som i kommunar ein kan samanlikna seg med elles i landet.
Tala som Statistisk Sentralbyrå presenterte tidlegare denne veka viser at me ikkje er blitt flinkare til å tenkja på miljøet i vår kvardag. Industrien aukar sine utslepp, ja vel, men også dei private utsleppa gjer det.
Tala viser oss også at det ikkje er lett å snu ein veksande trend så lenge me har det levesettet me har. Som forbrukarar har me eit ansvar for det som skjer rundt oss. Måten me produserar mat på i dag er sterkt forureinande. Det kan ein ikkje kome vekk frå. Hadde til dømes alle slutta å ete kjøt, ville utsleppa frå landbruket gått kraftig ned. Men det er utenkjeleg at det skal skje, og dermed ikkje spesielt tenleg å setje ressursar inn på å få til.
Men me kan få til litt, og mange bekkar små nyttar. Å tenkje miljø når ein kjøper bil, og ikkje minst brukar den, er noko alle kan gjera. Det mest tenlege vil derimot vera å setja inn ressursane der det verkeleg vil visa igjen.
CO2-reinsing i industrien er eitt slikt tiltak. Stadig kjem det meldingar om at styresmaktene vegrar seg for å setje i gong tiltak som vil monne. Prislappen er for høg. I Sverige er det storsatsing på bio-drivstoff. I Noreg er me sinker på dette feltet. Gass kan også erstatta diesel. Moglegheitene ligg klare. Me kan me også, om me vil. Men vil me?