— Til trass for at dette året har vore litt prega av at me er ein nystarta organisasjon, har me fått gjort meir enn forventa. Me har ope tre faste dagar i veka. Ein dag i Skånevik og to dagar i Etne. Målet på lang sikt er å kunne ha ope alle dagar i veka, seier Ole Funderud, dagleg leiar.
Nokre av måla til Frivilligsentralen Etne er å skapa trivsel for personar i utsette grupper, motvirke isolasjon av enkeltpersonar og formidla praktisk hjelp.
To i leiarstolen
Sidan oppstart har det også skjedd ting innan leiinga av stiftinga. 15. september overtok Anne Fredriksen frå Etne, 40 prosent av den fulle stillinga til Funderud. Dei to jobbar saman ein dag i veka.
— Det er veldig kjekt og nyttig å vera to om dette arbeidet, seier Ole Funderud.
Funderud og Fredriksen har fleire nye tilbod på programmet denne hausten. Først ut er ungdomsklubb. Den skal opna førstkomande tysdag, og er i fyrste omgang for 10. klassingar.
— Me startar med 10. klassingane, så kan det hende det vert ope for andre aldersgrupper seinare, seier dagleg leiar Anne Fredriksen.
Eit anna nytt tilbod er leksehjelp, for elevar frå 5. -10. klasse.
— Me skal prøve å skaffe frivillige frå den vidaregåande skulen i Etne og pensjonerte lærarar. Det er fleire som har ymta frampå om at det er behov for leksehjelp, så eg trur dette blir eit populært tilbod, seier Anne Fredriksen.
SMS og datakurs
Eit tilbod som vart godt motteke i Skånevik var SMS og datakurs. Dette er eit tilbod dei ynskjer å få til i Etne også.
— Eldre blir veldig kry, dersom dei lærer seg til å kommunisere med barnebarn via SMS og data, seier Ole Funderud.
Alt i alt har Frivilligsentralen Etne mellom 35 og 40 frivillige på ringelistene sine.
— Målet er å dobla det talet fram til påske, seier Anne Fredriksen.
Ho oppmodar alle som har ein ledig time eller to i månaden, og kunne tenkje seg å gjere ein frivillig innsats, om å ta kontakt.
— Anten ein har tips om noko som me burde gjere, eller nokon har lyst til å melde seg som frivillig, ring oss! Den einaste lønna ein får ved å gjere dette arbeidet er gleda ein får av å hjelpa andre. Men det er ei løn som ikkje kan målast i pengar, seier ho.
— Kva er de mest nøgde med, no som det har gått eit år?
— Responsen. Det å sjå kor nøgde både brukarane og dei frivillige er, er svært motiverande. Det er drivkrafta vår. Det har vore enkelt å skaffa frivillige, og det å få på plass enda fleire trur eg skal gå bra. Folk er veldig positive, seier Anne Fredriksen.