Tveit Regnskap fører rekneskap for i alt 1200 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 15-årsperiode har dei følgd utviklinga på omlag 300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hatt, og som framleis har hovudinntekta si frå jordbruket. Drifta ligg på mellom 1,5 og 2 årsverk. Det spesielle med talmaterialet er at det er brukt faktiske tal frå rekneskapen, og at det er dei same bruka som er nytta som grunnlag i heile perioden.
Snudd tendens
Seinare års nedgong i Haugalandsbonden sine inntekter ser ut til å ha snudd i 2005. Den skattbare næringsinntekta gjekk opp med omlag 28.000 kroner etter avskriving i 2005.
Ein balansert marknad på volumprodukta til bonden, mjølk og kjøt, har ført til stabile eller svakt stigande produktprisar. Dette saman med strukturendring og aukande produksjon på kvart enkelt gardsbruk, har gitt grunnlag for inntektsvekst.
Etterspurd arbeidskraft
Haugalandsbonden har i løpet av det siste tiåret blitt meir ein kombinasjonsbrukar, der ein har kompensert nedgong i jordbruksinntekt med å hente lønsinntekt utanom bruket.
Sjølv om jordbruksinntekta styrka seg gjennom seg gjennom fjoråret, såg ein også dette året ei gjennomsnittleg auke i ekstern inntekt på om lag 9.000 kroner per bruk. Ein aktiv og tildels oppheita arbeidsmarknad på Haugalandet elles, ser heller ikkje ut til å bremse denne utvikinga framover, då Haugalandsbonden er etterpurd arbeidskraft, skriv Tveit Regnskap i ei pressemelding.