På verda utafor kom det siste utbrotet mellom Israel og Hizbollah i Libanan uventa og brått. Den eine veka var det ferie og turistar som sette sitt preg på byane i området. Den neste var det full krig.
Dei siste dagane har me følgd nordmenn og andre frå Europa og vesten på flykt frå krigsområda.
Leiarane for stormaktene, dei såkalla G8-landa, fekk krigen i Midtausten midt i fanget under samlinga i Russland sist veke. Dei klarte etter lange drøftingar å komma fram til ein uttale der dei i forsiktige ordelag ber partane halda fred. Men det er som å snakka for døve øyro.
Det pågår også eit hektisk diplomati for å få i stand våpenkvile mellom Israel og Hizbollah. Ein tremannsdelegasjon frå FN, med fredsmeklar Terje Rød-Larsen i spissen, prøver å snakka partane til fornuft. Om dei vil lukkast står att å sjå. I alle fall vil det flyta meir blod før dei kjem så langt.
Etter vårt syn er det kun USA som kan få ein slutt på denne meiningslause krigen. For å slutta fred må Bush & co setja foten ned og gjera det klart for Israel at denne krigen er ein heilt feilslått politikk. Til nå har det skjedd lite som peikar i den retning. President George W. Bush har gitt si fulle støtte til Israels kamp mot Hizbollah. Dersom ikkje han endrar syn, trur me det er lita hjelp i FN sitt diplomati. Sommaren 2006 er på ein brutal måte blitt avbroten av krigen i Midtausten.