Avgjorde jamn duell

5.divisjon, avdeling 4 Etne – Vats 94 1-0 (1-0) Scoring: Runar Rosseland Gult kort: Inge […]

5.divisjon, avdeling 4
Etne – Vats 94 1-0 (1-0)
Scoring: Runar Rosseland
Gult kort: Inge Hansen, Vats 94
Dommar: Erlend Dalaker, Ferkingstad IL

Etter tre kampar og full pott i poengsankinga, fekk Vats 94 ein liten nasestyvar på Etne stadion. Ein langt dårlegare sesongstart for Etne gjorde laget sugen på å slåst for alle poenga. Vats-trenar Arne Tveit spente støvelen i stolpen etter at dommaren blåste av kampen. Men det var ganske velfortent at heimelaget drog det lengste strået.
Det var ingen strålande kamp, med unntak av ein litt større nerve det siste kvarteret då Vats 94 sette inn det siste giret for å utlikne. Tette duellar i god avstand frå mål har aldri skapt den heilt store spenninga. Verken Lars Øvernes i Etne-buret eller Eirik Selsaas i den andre enden av banen, fekk nok utfordringar til å halde varmen i den kalde vinden. Og vindkasta var med på å løfte ballen i litt høgare luftlag enn der god fotball foregår.
Av to kjempande lag, var Etne hakket kvassare og i dei tette duellane gjekk ballen oftare i rett retning for heimelaget.

Kompleks
Trass i det ekstra giret Vats 94 sette inn i andre omgang, var Etne nærmare to mål enn Vats var utlikning.
— Eg er mest skuffa over første halvdel der eg hadde venta at vi kunne yte litt større motstand. Det vart for det meste halvsjansar for vår del. Med større press framover opna vi oss meir bak og gav Etne ein del sjansar. Det første tapet er ekstra surt, og vi fekk ikkje vise kva vi er gode for i denne kampen. Laget har prestert knallande god fotball tidlegare i år, seier trenar Arne Tveit i Vats 94.
Han ser konturane av eit bortekompleks i det unge laget der rundt halvparten også er med i juniorstallen. Det prega laget i fjor, og Tveit håpar på fleire poeng på bortbane i år. Vats 94 toppar framleis tabellen trass i tapet mot Etne.
— Vi tar ein kamp om gongen, og så tidleg i sesongen har vi ingen tankar om opprykk. Men eg ser ikkje vekk frå at vi er gode nok til det.

Under pari
Martin Moe på Etne-benken gleder seg over den første sigeren i serien, men han ser mykje å gripe fatt i framover.
— Tre poeng er eg godt nøgd med. Men spelemessig er det langt frå det laget har levert i treningskampane. Slik blir det ofte i tette kampar med mange duellar. Innsatsen er det ingenting å utsetje på, seier han.
Etne har også eit ungt lag, men Moe meiner dei har ein fin kombinasjon av ungt blod og rutine. Med rundt 20 spelarar som kjempar om plassane, ser han lyst på utsiktene til å ta poeng.
I morgon speler Vats 94 naboduell mot Skjoldar, medan Etne møter Ferkingstad borte.