Avslutta med sommarrevy

— Dette har me jobba med i musikktimane sidan påske. Og alt som de fekk […]

— Dette har me jobba med i musikktimane sidan påske. Og alt som de fekk sjå i dag har elevane arbeidd fram sjølve. Dei har plukka ut musikk, skrive tekstar til dei ulike sketsjane og ikkje minst brukt fantasien til å lage denne fine revyen, sa ei stolt Monica Tveit Sæverud etter at trampeklappen hadde lagt seg.

Lærarimitasjonar
Elevane imponerte med morosame sketsjar og flott dans. Det var ikkje vanskeleg å sjå at fantasien har vore i full sving i Sandeid dei siste månadane. Elevane i 5. -7. klasse underheldt med til saman 12 nummer, og variasjonen var stor. Elevane var innom lærarrommet, campingplassen, banken og burettslaget i sketsjane sine. Elevane var slett ikkje sjenerte, og presenterte nummera svært så galant. Det nummeret som var best, var parodien på TV–serien «Jakta på kjærleiken». Her fekk publikum møte tre ungkarar, mellom anna Åge Hareide på rypejakt, snikkaren med spikarpistolen og sandeidversjonen av
Blomster–Finn. Dei var alle veldig klare for å bli kjende med damene, og vart alle meir eller mindre fornøgde med utbyttet.

Solosong
Tre jenter skilte seg ut med flott solosong. Først ut var Magnhild frå 7. klasse som song «Can you feel the love tonight». Jenny frå 6. klasse imponerte stort med si klokkeklare røyst til «Tir´na noir», og «What`s in it for me» vart framført av Marte frå 7. klasse. Alle desse jentene skal ha ekstra skryt for sin innsats. Det er ikkje noko lett oppgåve å stå heilt aleine føre eit publikum med berre si eiga songrøyst som hjelpemiddel.

Hanne R. Rosseland