Synnøve Finden ASA er på jakt etter å utvide produksjonen. Tine-fadesen har ikkje gjort det mindre aktuelt for Synnøve Finden og ta eit større jafs i ostemarknaden og dermed auke produksjonen.
Dagleg leiar Dag Swanstrøm kunne ikkje i går avklare om dei kjem til Etne for å vurdere tilbodet frå Areal Eiendom AS, men alt tyder på at Finden ikkje vil avvise tilbodet alt i utgangspunktet.
— Eit komplett anlegg er av interesse for oss. Vi vil ganske raskt avgjere om vi skal ta imot invitasjonen til å kikke nærmare på eit slikt tilbod i Etne, seier Swanstrøm.
Ut over det har Finden ikkje vurdert osteproduksjon i Etne, verken når det gjeld geografisk plassering eller logistikk.
Nøkkelen i døra
Styreleiar Arne Ramstad i Areal Eiendom i Etne har eit stort industrilokale som blir ledig ved slutten av året når avtalen med WesternGeco går ut. Han tilbyr ikkje Synnøve Finden eit ledig industrilokale, men eit ferdig meieri med nøkkelen i døra.
— Tome lokale er ikkje mangelvare. Vi tilbyd difor eit ferdig meieri med nøkkelen i døra. Det trur eg er av langt større interesse for Synnøve Finden. Vi får sjå om dei tar ballen som er spelt ut, seier styreleiar Arne Ramstad i Areal Eiendom AS.
Han har kontakt med investorar som er interesserte i å leggje pengar i osteproduksjon.
— Kombinert med flinke hender i Etne har vi eit bra tilbod. Etne har tradisjon når det gjeld meieri, og det er ingen grunn til at det ikkje går an her når dei lukkast i Alvdal, seier Ramstad.
I tillegg til Alvdal, har Synnøve Finden anlegg i Enebakk og Namsos.
Tradisjon med meieri
Tanken er at Synnøve Finden skal stå for teknologien og fagleg oppfølging, medan produksjonen skal skje med ein franshise-avtale der lokale aktørar har ansvaret.
Etne har ei lang tradisjon i meieridrift som kan bli tatt opp igjen dersom Synnøve Finden fattar interesse for tilbodet. Det kan dermed bli eit nytt kapittel med meieri-historie i jordbruksbygda sjølv om Tine sa endeleg farvel til meieri i Etne for fem år sidan.
Også ordførar Amund Enge har engasjert seg for å få Synnøve Finden på kroken. Han har invitert dagleg leiar Dag Swanstrøm til å kome til bygda.
Seksjonere
Styreleiar Arne Ramstad i Areal Eiendom ser for seg at osteproduksjon kan bli den første aktiviteten som kjem inn i industribygningen på Tongane, og som kan dra andre med seg.
Men Areal Eiendom er uansett på jakt etter leigetakarar til industrilokalet som er ledig frå årsskiftet. Han er i dialog med ordførar Amund Enge om å seksjonere opp bygningen med tanke på knoppskyting og nye bedrifter.
— Bygningen eignar seg for næringsutvikling. Det er folk rundt om med idear og pågangsmot, men som manglar kapital. Starthjelp i ein næringsbygning og tilgang på kapital kan få i gang noko, seier Ramstad.
Saudabuen Kjell Ole Rød eig Areal Eigedom og dermed industribygningen på Tongane.