Badar året rundt

— Det var ein dag i september at me var her for å bade. Då […]

— Det var ein dag i september at me var her for å bade. Då kom me på at dette hadde det vore kjekt å gjort ein gong i månaden heile året, og slik vart det, seier Johanne P. Tvedt.
— Mamma har ikkje hatt noko mot badinga vår, men i dag sa ho at eg ikkje fekk dukke hovudet, seier venninna Charlotte Aastvedt.
— Det går eigentleg veldig bra. Me har ikkje blitt sjuke eller noko, berre litt frostige, legg Marthe Rise Bøthun til.
Ho og Johanne P. Tvedt går begge siste året på Skånevik skule medan Charlotte Aastvedt har eitt år att.
Fort og gale
Det blir raskt klart for bading, og jentene kler av seg lag på lag med vinterklede, heilt inn til ørsmå bikiniar og sko. Skoa let dei stå i vasskanten, og spring hylande utover i sjøen. Når dei kjem til litt over livet kastar dei seg ned og tek eit par symjetak før dei spring inn på land att. Der er det rett i sko og opp til handkleda.
— Det var friskt, hutrar sprekingane medan dei slit me å få kleda på seg att.
— Ofte er eg så kald på føtene at eg må vente til ein time etter eg kjem heim før eg klarer å gå i dusjen, seier Marthe Rise Bøthun og dei to andre nikkar og er einige.
Så er den kalde badeturen for dei tre tøffe jentene over for denne gong. No har dei ein heil månad på å få varmen tilbake sfør dei atter ein gong skal ut i den vinterkalde sjøen.